Foto: Øystein Bagle-Tennebø
Eivør er for meg eit heilt ubeskrive blad. Eg har fått via relativt sikre kjelder at ho er veldig kul live, so difor tenkte eg at eg skulle gje den færøysike artisten ein sjanse. Ho varma opp for Heilung då dei spelte i Spektrum tidlegare i år, men då rekk eg diverre ikkje å få dei henne meg. Eivør spelar ei blanding av færøyisk folkemusikk, draumande atmosfærer, noko liknande strupesang, og metal. Kva kan gå feil? Iallfall på ein festival som Midgards Blot.
Eivør var som sagt eit nytt namn for meg, men konserten ho heldt på Midgardsblot i går kveld gjorde inntrykk. Musikken var både vakker og atmosfærisk, med si blanding av folketonar, elektroniske element og vokalprestasjonar som verkeleg fanga merksemda. Sjølv om hovudpersonen sjølv klagde på ei forkjøling som gjorde stemma litt uregjereleg, utan at publikum merka noko til det. Stemma bar godt, og klangen var upåklageleg.
Det var særleg Enn og Upp Úr Øskuni som stod fram som favorittar. Begge låtane hadde ei intensitet og eit driv som gjorde dei til naturlege høgdepunkt. Partia med strupesang var spesielt sterke, rå og jordnære, og gav musikken ei ekstra dimensjon. Eg kunne gjerne høyrt meir av det, og litt mindre av dei meir "vanlege" arrangementa.
Eivør framstod som trygg og til stades på scena, og klarte å skape ei nærleik i lydbiletet som passa godt til den intime stemninga på festivalområdet. Det var heilt klart at ho koste seg og var glad for å vere på Midgardsblot. Publikum var lydhøyrt og tydeleg grepet.
Alt i alt ein konsert som overraska positivt, og som gav lyst til å utforske meir av musikken hennar.











