Foto: Øystein Bagle-Tennebø
Torsdagskvelden kom med regnet og stemninga var noko dempa då finske Oranssi Pazuzu entra scena. Det kunne sjå ut som om publikum venta i det lengste til å møte opp, og det blei aldri heilt fullt foran Valhall-scena. Og med sitt psykedeliske og eksperimentelle take på black metal, er dei eit band som krev litt innleving, og starten på konserten var også noko treig. Det tok tid før både band og publikum fann rytma. Med eit heiderleg unntak av gitarist/keyboardist/effektist Niko Lehdontie. Energibunt frå start til slutt!
Men etter kvart bygde det seg opp, og lydbiletet vart meir intenst og suggererande. Dei lange, dronande partia og uventa vendingane skapte ei slags hypnotisk stemning, og bandet leverte ei sterk og særprega oppleving til slutt.
Eg er ikkje så kjend med Oranssi Pazuzu frå før, og kan ikkje liste opp nokopn av namna på songane (dei er stort sett på finsk i tillegg), men det gjorde eigentleg ikkje så mykje. Musikken deira handlar meir om stemning enn struktur, og det var lett å bli dratt med inn i det mørke og psykedeliske universet dei skapar.
Alt i alt ein konsert som byrja forsiktig, men som tok seg opp og vart ei minneverdig oppleving, sjølv i regnet.











