Foto: Øystein Bagle-Tennebø



Torsdag kveld på gravhaugane i Borre hadde regnet endeleg roa seg (om ikkje gjett seg heilt), og det var klart for Hypocrisy på Valhall-scena under Midgardsblot. Med over 30 år bak seg i death metal-verda, leverte Peter Tägtgren og resten av bandet ei solid og energisk framføring som fekk publikum til å sleppe seg laus.



Lyden sat godt, og stemninga var elektrisk frå første riff. Det var fyrste konserten eg fekk med meg på festivalen der det verkeleg tok av med både circle pit og crowd surfing. Det har liksom ikkje heilt tatt av so langt på festivalen. Ein liten disclaimer på at eg so langt ikkje har vore på andre scener enn denne.

Setlista var ei god blanding av nytt og gamalt, men det var klassikarane som verkeleg trefte. Inferior Devoties og Adjusting the Sun stod fram som høgdepunkt, med kraft, presisjon og den typen intensitet som berre eit band med Hypocrisy sin erfaring kan levere. Her viser dei riffing og musikalitet som varmar eit mørkt hjarte.



Alt i alt ein konsert som balanserte det brutale med det melodiøse, og som viste kvifor Hypocrisy framleis har ein plass i toppen av europeisk ekstremmetal. Publikum var med frå start til slutt, og det var tydeleg at mange hadde venta lenge på akkurat denne opplevinga.