Foto: Øystein Bagle-Tennebø
Når legendene i Mayhem entra hovudscena på Midgardsblot fredag kveld, var det med ei tydeleg kjensle av høgtid. Bandet, som har vore ein bauta i norsk black metal sidan 1984, leverte ein konsert som balanserte mellom det teatralske og det historiske, og tok oss gjennom epokane. Det var ei slags feiring av arva dei sjølv har vore med på å forme.
Necrobutcher i godt humør var eit uventa, men gledeleg innslag. Den berykta bassisten smilte og kommuniserte med publikum, noko som skapte ei meir open og inkluderande stemning enn ein kanskje ventar frå Mayhem. Bak trommesettet sat Hellhammer, og bak han rulla det videoar frå historia til bandet, som fungerte som eit visuelt bakteppe som forsterka kjensla av å vere vitne til noko større enn ein vanleg konsert.
Musikalsk lugga det litt. Heile konserten var litt rotete, med fleire pauser og skifte som tok tempoet ned. Likevel prøvde dei å kompensere med å vise korte snuttar frå ulike ting som har skjedd i den noget brokete historia deira. Og apropos historie; vi var vitne til eit kult gjestespel frå Messiah og Mannheim, som begge har vore sentrale i Mayhems tidlege år. Dette gav konserten eit nostalgisk og historisk preg, og mange i publikum såg ut til å vere nøgde, både med musikken og med det symbolske i å sjå desse figurane på scena igjen.
Mayhem på Midgardsblot var ikkje berre ein konsert, det vart eit møte mellom fortid og notid, mellom myte og musikk. Og sjølv om det ikkje var heilt stramt gjennomført, var det ei oppleving som vil leve lenge i minnet til dei som var der.











