Foto: Øystein Bagle-Tennebø



Midgardsblot fekk nok ein konsert av Folket Bortanfor Nordavinden (den tredje på årets blot), og det vart ei reise inn i ei verd der vikingtid, norrøn mystikk og leikande energi møttest i eit musikalsk rituale. Det var ikkje fullt foran Valhall-scena, men stemninga var tett og intens, og publikum vart gradvis dregne inn i ei slags kollektiv transe, som om tonane opna ei port til ei anna tid. Heilt i tråd med tema for festivalen.



Bandet leverte med ei urkraft som kjennest ekte og rå. Musikken var både rytmisk og rituell, med element av folkemusikk, ambient og suggererande vokal. Favorittlåtar som Balder, Veistu og Ur Is Ka Ha So stod fram som høgdepunkt. Det er heilt utruleg for ein bass vokalist Benny Braaten tryllar fram. Det kila godt innerst i øyrene.

Det leikande aspektet kom fram både i sceneframføringa og i musikken. Det var alvor, men også glimt av glede og humør. Bandet evna å formidle ei kjensle av fellesskap og fortid, utan å bli nostalgiske eller pompøse.



Konserten var ei herlig blanding av musikkglede, felleskap og norrøn historie. Det blei spelt på både bukkehorn og lyre, so alt etter boka. Det var fleire høver der eg såg for meg vikingskip på veg ut på tokt. Folket Bortafor Nordavinden verkar å vere fødd i feil tid. Heldigvis for oss!