Ruim entra scena på Midgardsblot med ei intens kraft som både utfordra og trollbatt publikum. Bandet, med inspirasjon frå brasiliansk trolldom og religionen Umbada, for ikkje å gløyme med røter godt planta i den norske svartmetallen, og med Blasphemer (ex-Mayhem) som kreativ drivkraft, leverte ein konsert som var både teknisk imponerande og emosjonelt urovekkande, på den beste måten. Spesielt imponerte trommis César Vesvre. Trommis i verdsklasse! Makan for ein fyr. Eg var hyponotisert av at det går an å vere so dyktig. Det gjorde mesteparten av konserten. Dette skal ein leite lenge etter.



Musikken var kompleks og kompromisslaus, med riff som skar gjennom som knivar og rytmer som rulla fram som mørke bølgjer. Det var ikkje musikk for dei lettskremte, dette var black metal som meiner noko, med okkult undertone og ei kjensle av noko eldgamalt og farleg.

Sceneframføringa var stram og kontrollert, men med ei intensitet som gjorde det umogleg å sjå bort. Publikum, sjølv om det ikkje var stappfullt, var tydeleg engasjert, sjølv om det ikkje var særleg til moshing og spotte, var det mykje taktfast nikking. Ofte den største forma for skryt eit norsk publikum kjem med. Iallfall ei litt aldrande eitt. Men vi fekk mykje god musikk, og blant favorittane var The Black House, Evig Dissonans. Elles fekk vi eit par gamle låtar han skreiv for Mayhem back in the day før det bandet blei til berre gimmick,, og på Fall of Seraphs fekk vi med gjestevokalist Nag frå Tsjuder. Det sparka godt frå seg!




Ruim klarte å skape ei atmosfære som var både sto støtt norsk vikingjord, og resultatet var ei konsertoppleving som eg kjem til å hugse som nok ein god svartmetallkonsert. Midgardsblot har booka gode band! Om det fortset, kjem denne festivalen til å leve lenge!