Foto: Øystein Bagle-Tennebø
Benediction leverte ei solid dose britisk death metal av den gamle skulen på laurdagskvelden, og det var tydeleg at både bandet og publikum hadde det morosamt. Med røter heilt tilbake til slutten av 80-talet, veit Benediction korleis dei skal få fart på folkemengda, og det gjorde dei til gangs. Både på latter og chugging av øl!
Lydbiletet var hardt og kompromisslaust, med riff som skar gjennom kveldslufta og vokal som sparka godt frå seg. Eg må seie eg er heilt enig med vokalist Dave Ingram at dette var til tider veldig likt Slayer. Han holdt opp ein lapp der det sto “Like Slayer”. Utover ein god dose humor, var det var ikkje rom for staffasje eller fiksfakseri, dette var death metal slik det skal vere: rett fram, tungt og med masse attitude.
Bandet hadde publikumstekke frå første riff, og det var lett å sjå at dei trivst på scena. Mellom låtane kom det små glimt av britisk humor og sjølvironi, som berre gjorde det heile endå meir underhaldande. Det er lenge sidan eg har smilt so godt på konsert.
Høgdepunkt for min del var Violation Domain, som kom med ei brutal tyngde og driv, og In the Dread of the Night, som fekk nakken til å gå automatisk i takt med riffa. Sistnemnde er frå det siste albumet, Ravage of Empires som kom i april i år, og viser at dei framleis lager kule låtar. Det er sjølvsagt litt urettvist å plukke ut låtar på ein slik konsert, sidan alle låtane blir leverert med autoritet og energi.
Alt i alt: ein morosam og hard konsert med ekte old school death metal-vibbar. Benediction beviste at dei framleis har det som skal til for å få blodet til å pumpe og publikum til å smile med hovudet i konstant bevegelse. Ei verdig avslutting for min del på ein strålande festival i vikingland.











