Oslo Deathfest er straks i gang med sitt tredje år som festival, og i år har dei ein lineup med band frå mange ulike land. Italia, Finland, Tyrkia, Sverige, Danmark og sjølvsagt Noreg.

Fokuset på norsk dødsmetall har ikkje blitt mindre, og det er utruleg viktig for arrangørane å vise fram alle dei feite death metal-banda dette landet har å by på. Ingen nemnde her, ingen gløymte (dette uttrykket gjer seg nok faktisk best på bokmål ...). Dei gjer framleis ting ganske sjølvstendig og har stort fokus på å løfte fram undergrunnen.

Har du lyst til å vere med og feire stygg, brutal musikk, er Vaterland og Goldie staden å vere 28.–29. november!

Meir info Oslo Deathfest