Foto: Ingrid Aas



I dag, på sjølvaste Valentinsdagen 14. februar, har Ulver valt å sleppe den fyrste smakebiten frå det komande albumet deira, med tilhøyrande musikkvideo.

Singelen Russian Doll ligg i same musikalske landskap ulvane rørte seg i på det kritikarrosa albumet The Assassination of Julius Caesar, og denne gangen tek dei oss med ei grå og trist verd fylt med dans.

Ulver har funne si nye nisje i 80-talls-inspirert mørk, dansbar popmusikk. Musikalsk er det sjølvsagt langt unna det dei dreiv med i starten, tematisk er det likevel framleis mørkt og kan til tider kjennes utan håp. Temaet er stadig livet vi lev og korleis vi slit oss framover i ei verd full av smerte. Ei smertefull verd, der lys og mørke balanserar fullkome på ei line spent over eit dystert landskap. Men med likevel med eit håp under alt det dunkle. Dette kjem godt fram når dei vel å la ei jente danse seg gjennom heile songen i videoen til Russian Doll

– Selv om dette er pop i vårt hode, er bildene i tekstene et godt stykke unna det man vanligvis forbinder med sjangeren. Det begynte med noen bilder og minner fra filmen «Lilja 4ever» av Lukas Moodysson, som kom tidlig på 2000-tallet, og traff oss som en murstein. En mørk og desillusjonerende film om menneskehandel i Baltikum, seier vokalist Kristoffer Rygg.

Låta er miksa av Martin «Youth» Glover, som dei blei kjent med i samband med forrige album The Assassination of Julius Caesar. Videoen er filma i Thamesmead, London, der blant anna «A Clockwork Orange» og Aphex Twin sin Come to Daddy blei spelt inn.

– «Russian Doll» henspiller til babusjkadukken, vi begynte å tenke på figuren i forlengelsen av «Lilja 4ever» og Øst-Europa. Dukka ble et objekt, et begjærsobjekt, som vi kombinerte med mise-en-abyme, en komposisjonsteknikk som plasserer bilder, eller historier for den saks skyld, inni hverandre. I denne konteksten som en slags ond sirkel, avsluttar han.

Ulver sitt forrige studioalbum The Assassination of Julius Caesar, fekk 9/10 av Musikknyheter sin anmeldar tilbake i 2017 og blei beskrive som black pop. Etter eit par år med turnering og sideprosjekt er Ulveflokken no klar med den fyrste smakebiten frå det komande albumet.