Plata, som kjem ut 28.april, vart spelt inn i anerkjente Juke Joint Studio på Notodden i fjor sommar. Og underteikna kan skrive under på at debuten har vorte ei heilstøpt plate, som viser at bandet har tatt nye steg frå dei tidligare utgivelsane.

Skovveien, ofte forkorta til Skov, består i dag av seks karar, og har utgangspunkt i eit guttekollektiv i Skovveien i Oslo. Låtane handlar om alle falsettar av dette livet dei lever her, og ikkje skjeldan om ein god fest, og alt det kan føre med seg. Med andre ord god stemning!

Før innspelinga var gjengen samla på familiegården til gitarist Sindre Larsen, der dei akustiske demoane vart til, sammen med tekniker og produsen Halvor Halvorsen. Gjengen vart også utvida med Erik Falskow på saksofon, før alle sammen drog i studio for innspeling. Det vart tidleg klart at dette var mange varierte låter, og gjengen bestemte seg for å skape ei plate der alle låtene bevega seg i ei ny musikalsk retning, for å skape eit variert, men heilheitlig lydbilde.

Utover våren vil det kome fire singlar, den første, Før Du Kommer, kjem allereie 3. mars. Plata kjem 28 April, og det vert releasekonsert på John Dee 9. Mai. Med andre ord er det mykje å glede seg til denne våren, om du likar den melodiøse poprocken frå Skovveien!

En av dei tidlegare låtene til bandet kan du høyre her: