Den oslobaserte powertrioen slapp tidlegare i år sitt debutalbum, og hadde i haust planar om å spele releasekonsert i samband med sleppet. Pandemien sette ein stoppar for det, men no på laurdag, 5. desember, er dei klare for å spele live igjen, med nytt materiale i sekken.

Trommis Martin Karlsen seier dette om å endeleg få spele live igjen:

- Vi hadde egentlig planer om å spille konsert 4. september, men på grunn av smitteverntiltakene på daværende tidspunkt ble vi nødt til å flytte det. Vi har hatt mange fine konsertopplevelser på John Dee som publikum og anser det som et av de bedre lokalene i Oslo - så det er stor stas å endelig kunne stå på scenen der selv!



Underteikna anmeldte plata til Edocer, og omtalte den som ”ei veldig energifylt, dynamisk og heilstøpt debutplate” og ”Rett og slett perfekt hardrock!”

Med seg på laget denne kvelden har dei fått The Last Man som support. Dei spelar progressiv hardrock, som har vorte beskrive som ein miks av tidlig Black Sabbath, Seattle Grunge og stonerrock.

Bilettar i salg no.