Simon Neil. Foto: Terje Dokken
Det nye supergruppa, Empire State Bastards, med medlemmar frå Biffy Clyro og Slayer legg sin fyrste festivalturné innom Nordfjordeid og spelar sin einaste konsert i Norge på Malakoff-festivalen på Nordfjordeid fredag 21. juli.Ikkje høyrt om bandet? Ikkje så rart. Bandet er nettopp starta av frontfigur Simon Neil og Mike Venart frå Biffy Clyro, og har m.a. med seg legendariske Dave Lombardo! (Slayer, Testament) på trommer.
Dei har bekrefta klubbkonsertar i Glasgow, Manchester og London no i mars, og 3 britiske festivalar (Download, ArcTanGent and 2000Trees) i sommar. I tillegg står Hellfest i Frankrike og no Malakoff som einaste bekrefta festivalar utafor dei britiske øyene.
Det meste kring bandet er veldig mystisk, og det einaste klippet som ligg ute er ein kort lydsnutt:
Simon beskriv musikken som «grindcore extreme metal», og debutalbumet er på veg før sommaren.
- vi fekk eit lite tips om at Simon Neil frå Biffy Clyro hadde planar om eit nytt band med legendariske bandmedlemmar og eit råtøft sound. Når vi fekk sjansen til å invitere dei til landet så var vi ikkje i tvil, seier ein tydeleg fornøgd festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal.