Foto: Storm Drabitius




Kosmos Brenner er den fyrste singelen frå det komande albumet med same namn, som blir gjeve ut av Helvetes indre kretser på LP, CD og strømming den 2. februar 2024.

Det er ein rifftung låt med god dynamikk og knallhardt trøkk. Det er Golden Core av godt varemerke, samt dei har fått med seg Eirik Waadeland frå blant andre Ruun. Det lovar utan tvil veldig, veldig bra for det nye albumet.

Kosmos Brenner er eit konseptalbum basert på den norrøne verdsanskuinga, der livet i all sin skjørheit oppstår i den evige balansen mellom motsetningane, mellom eld og is, lys og mørke, kulde og varme, som eit produkt av kaos og tilfeldigheit. Livet og verdsorden kan berre eksistere og bli vedlikehalde i balansen mellom desse enorme kaoskreftene, som stadig kjempar mot kvarandre og stadig truar vår eksistens. Striden er evig og representerer fortid, notid og framtid.