Laurdag 5. april blir eit historisk augeblikk for Golden Core – bandet som har sett sitt uutslettelege preg på den norske rockescena i over eit tiår, tek farvel med sine fans på Parkteatret. Det blir ein konsert som både er fylt med vemod og skjønnheit.
Men før konserten går av stabelen, har bandet ei siste gåve til sine trufaste fans. Den siste utgjevinga frå Golden Core, ein EP med to remiksar av Tåkeheimen frå deira siste album Kosmos Brenner, er ute på streaming frå og med 4. april – ein dag før konserten på Parkteatret. I tillegg inkluderer EP-en eit heilt spesielt strykearrangement av Ginnungagap, arrangert av Simen Jakobsen Harstad.
Remiksane på EP-en er laga av JÖRVE (Kjetil Strømme Jørve) frå Groruddalen, og Jóhann Eiríksson, den kreative krafta bak islandske Gjöll og Reptilicus. Begge har teke Tåkeheimen og forvandla den på ein måte du aldri har høyrt Golden Core før – resultatet er ei hypnotisk, grenselaus utforsking av nye lydlandskap. Golden Core har aldri vore redde for å utfordre sjangergrensene, og denne siste utgjevinga føyer seg inn i bandets ånd.
Master er gjort av Dag Erik Nygaard ved Bergen Lydstudio, og artworken er signert Hedda Gullbekk.
FLERE NYHETER
Gary «Mani» Mounfield er død
Stone Roses-bassisten ble 63 år gammel
Flere store navn til Piknik i Parken
Uvanlig høy konsentrasjon av legender i Sofienbergparken i sommer >>
Oslo Deathfest 28. og 29. november
Den stygge og brutale musikken feirar seg sjølv siste helga før advent >>
Dagny slipper tre akustiske låter
Leverer soundtracket til sesong 3 av Netflix-serien "Hjem til Jul". >>










