Når ting raknar er det fort gjort å miste motet, og å gi opp. Men om ein har det i seg, kan det lønne seg å rett og slett ta sjansen. Kva enn det måtte vere, eller bety for deg. For Tonje Tafjord og Avind enda det med å lage denne plata.

Det var ei tid då norskspråkleg lo-fi indierock var allemannseige. Unge, lovande artistar fylde konsertsalar, kulturhus og spelelister frå bord til sør, men etter ein periode med champagne, mynte-te og Spellemannprisar fall interessa sakte men sikkert ut i horisonten bak fyret på Lindesnes. Så, då Avind debuterte med albumet «Evig blenda» i 2018 plukka dei opp ein hype som låg med broten rygg, og løfta den på nytt fram i lyset.

No kjem oppfølgaren, «Ta sjansen», der bandet har teke sounden frå debuten endå nokre steg vidare, og viser oss eit band i voldsom utvikling, med ein meloditeft som tvingar fram smilet, og eit tekstunivers som hentar fram resten av kjensleregisteret.

- Denne låta skreiv eg og Øyvind (Røsrud, produsent/gitarist), eller det vil seie ... Øyvind hadde ei låtskisse som han syns var fin, så han drog den fram i studio ein dag vi var der, og så berre byrja eg synge ein melodi på den. Vi jamma ein del på det, og så enda vi opp med å sitje der og skravle om livet alle saman. På vegen heim etter øvinga fekk eg ein sånn faen i meg som berre ville dytte ein av dei andre ut i ein vanskeleg situasjon. Det er jo betre å finne ut av ting enn å gå rundt og tenkje på det i det uendelege, ta sjansen, liksom! Der fann eg utgangspunktet for denne teksten, seier Tonje til Musikknyheter.no

- Filmen har vi laga saman med Simen Skari. I mangel på å kunne spele konsertar den siste tida fann vi ut at vi ville lage ein video som var live. Og når vi først var i gang så blei det like godt ein video med to låtar i, så den forrige singelen, "Kraftanstrengelse" er også med. Vi håpar det kan gi gode vibbar rett heim til den som ser på, og så skal vi byrje gle oss til vi får kome ut på ekte scener med ekte publikum igjen. Det blir uendeleg godt.

Då Avind byrja skrive denne plata var det stort sett ganske roleg og harmonisk i liva til alle medlemmane, så byrja mykje å rakne. Ifølgje vokalist og tekstforfattar Tonje Tafjord er tekstmaterialet i stor grad reine observasjonar av den perioden, og mykje av det er skrive til dei ho jobbar tettast med.

Avind er eit samansett band, som bringer inspirasjonskjelder frå alle hald på bordet, der den eine meiner ein nyskriven låt minner om Gøteborgsk indie rundt år 2000, finn andre noko som dreg det mot Manchester sitt yrande musikkmiljø på 80-talet, eller kanskje er det blandinga av jazzbakgrunn og rockeklubben på bygda som skin gjennom. Alt dette gjer Avind så unikt, og det er i alle fall lett å høyre at inspirasjonen har fløyma på det nye albumet «Ta sjansen».

Videoen over er Avind Live fra Brageveien studio.

Låter:
1. Ta sjansen
2. Kraftanstrengelse

Tonje Tafjord - vokal, gitar og fløyte
Gudmund Bolstad Skjær - gitar
Øyvind Røsrud - gitar
Amund Stokke - bass
Eirik Kirkemyr - trommer

Film av: Annichen Aasheim og Simen Skari
Klipp av: Simen Skari
Lyd av: Øyvind Røsrud