Foto: Øystein Bagel-Tennebø


Og DER var endeleg Tons of Rock igang for min del. Det har vore ei lang dvale frå både konsertar og festivalar for underteiknande, men fy søder kor godt det var å vere i gang att! Og for ein dag og gjere comeback i piten og blant publikum. Sola steiker og gjørmefesten er heldigvis langt unna!

Eg skal innrømme at trioen på scena lenge har vore eit ubeskrive blad for meg. Det til tross for gode anmeldingar og eit par Spellemannsnominasjonar. Namnet har dukka opp litt over alt, men eg har aldri fått fingeren lenger ut enn at eg har so vidt stikke innom dei på Spotify. Det skulle vise seg at det har det ikke vore nokon særleg god grunn til.



Det er ein spennklar trio som nærast hoppar ut på Scream Stage. Ein time eller to tidlegare enn annonsert, so eg må seie eg vart litt tatt på senga då det var dei og ikke Enslaved (som eg trudde skulle dukke opp) sto der. Eg kom fort over det sjokket.

For dei som ikke veit so mykje om trioen, er dette ei god blanding av psykedelisk rock, frijazz og støyrock. Og som sagt instrumentalt. Det er ikkje ein vokal å spore. Det kan faktisk gjere det litt monotont i lengda, men eg synes dette var stilig likevel. Dette er noko av det eg elskar med festivalar; å troppe opp med ingenting anna enn eit ope sinn og fotografiapparatet over skuldra. Det tok ikkje lang tid før eg nikka i takt med den groovy musikken og relativt tunge riffa. Tøft som snus!



Eg likar band som viser at dei synes det dei driv med er morosamt. HMT er eit slikt band. Spelegleda låg tjukt utanpå alle i trioen og smitta over på publikum. Og eg må seie at det er tøft med kontrabass. Kanskje ikkje like overraskande og "malplassert" som banjoen som dukkar opp på Taake-låta Myr. Men superkult!

Eg koste meg i sola og tenkte at dette la lista høgt for dei komande par, tre dagane!