Foto: Øystein Bagle-Tennebø



Eg skal innrømme at eg har vore skeptisk i lang tid til Sepultura utan Iggor og Max. Det var trass alt dei to som var stammen og som starta det brasilianske thrasheventyret i si tid. Eg veit ikkje om det har vore ein slags lojalitet mot dei to. Dei var blant dei aller største heltane i mi ungdomstid. Eg hugsar enno då eg fekk Iggor i prat i turnébussen utanfor Sentrum Scene på tidleg 90-tal. Eit kjært minne. Den store trommehelten var i tillegg ein knakandes hyggeleg kar. Det kan ha spelt inn i min skepsis. Vel, denne skepsisen har vore heilt unødig.

Arise bankar i gang festen minst like tøft som Sepultura frå glansdagene mine. Stemninga står i telttaket frå fyrste sekund. Paulo Jr. er den einaste frå originalbesetninga som er att, og Andreas Kisser som har vore med sidan 87 er i bandet enno, men måtte bli att i Brasil pga ei familiekrise. Erstatteren Jean Patton klarer seg godt.



Ein av tinga eg likar aller best med ein real thrashkonsert er publikum. Moshpiten berre veks utover konserten og fansen held minst like stort tempo og er kanskje enno fullare av energi enn bandet. Vaktene har sitt svare strev med å plukke ned crowd surfarane. Det går ikkje mange minutt utan at ein eller fleire blir sendt att og fram på folkemengda. Den som enno var ung og tålte litt juling ...

Lyden er god, sjølv om eg såg at lydmannen ved fleire høve var oppgjett over lydforurensinga frå konserten på Scream Stage. Bandet er tight og leverer utan dei altfor store problemene. Vokalist Derrick Green slit eit par gongar, og under Roots sviktar den nesten totalt. Men det ikke so mange som ser ut til å bry seg. Festen er slett ikkje øydelagt av dette.

Takk til Sepultura for ein strålande konsert og for å ha gjort skepsisen min til skamme!