Foto: Øystein Bagle-Tennebø
Fyrste konsert for underteiknande på årets Tons of Rock. Det er sjølvsagt alltid kult med Mayhem, men eg må seie at dei ikkje alltid er like "på". Eg var faktisk ganske spent på korleis det skulle gå med dei i dag. Heldigvis hadde regnet frå onsdagen gjett seg, og det var tørt og fint, om enn enormt varmt i teltet ved Moonlight stage. Det var stappa fullt, og eg må seie at det var ikkje berre eg som var spent. Men då Ja vi elsker runga gjennom teltet, forsto eg at publikum var med iallfall. Eg trur for øvreg det er fyrste gongen eg har høyrt nasjonalsangen på konsert. Det seier vel litt kor stor nasjonalskatt Mayhem har blitt! So skulle eg kanskje ikkje ha nemnt at det òg blei ropt "Biltema" ganske taktfast ein periode ... Dei har humor, Mayhem-publikumet:)
Det var eit veldig tent band som kom på scena. For ein gongs skuld var det heller ikkje heilt røyklagt på scena, so det gjekk faktisk ganske greit å fotografere dei denne gongen! Attila leverte varene. Han er ein kraftfull frontfigur som det er lett å tru på. Når han har dagen, har han ein intensitet i stemma og er so i dei grader til stades på scena at det er ei fryd for hjartet. I dag løfta han bandet til nye høgder for meg. Og det såg ut som publikum var enige med meg. Eg trur det må vere rekord i crowdsurfing, og vaktene i piten hadde ein stor jobb med å hente ned alle som flaut på publikum.
Etter ei kort pause der bandet skifta litt, kom dei tilbake til lyden av Silvestre Anfang. Lovande. Dei hadde ikkje meir enn eit kvarter, men dei gønna på i eit rasande tempo. Eg er ikkje heilt sikker på om dei rakk heile Deathcrush, men eg fekk iallfall med meg både Deathcrush og Chainsaw Gutsfuck.
Etter nesten ein heil time med eit intenst Mayhem, var det berre å konkludere med at dette var den beste Mayhem-konserten eg har fått med meg. Dette var veldig bra! Lovar godt for resten av festivalen, sjølv om det kan jo hende at det blir å hoppe etter Wirkola for dei andre banda eg skal sjå ...












