Foto: Øystein Bagle-Tennebø
Witch Club Satan er eit meget omtala svartmetallband. Dei har fått både ris og ros, og ikkje minst har eg registrert ein del debatt i ekstremmetallmiljøet. Er dei legit eller ikkje? Er det berre nokon som har kasta seg på hypen, eller er dei "True"? Johanna Holt Kleive, Nikoline Spjelkavik og Victoria Fredrikke Schou Røising kallar bandet både eit scenekunstprosjekt og eit metallband, og dei beskriv seg som tre aktivistiske hekser. I botnen ligg ein feministisk og humanistisk bodskap som dei har lyst til å formidle gjennom den einaste musikksjangeren som kjennes rett for dei; svartmetall.
Med dette som bakteppe var eg enormt spent då eg sto i piten og venta i månseskin (foran scena i teltet til Moonlight scena). Dei opna med det som på fint heiter "spoken word", og det var tydeleg at dei hadde noko dei ville seie. Feminisme utan tvil. Og ikkje minst: stillheit er ubrukeleg! Kunne ikkje vore meir einig.
Det eg nok var mest spent på var det musikalske. Kunne dei spele? Det er trass alt snakk om relativt uerfarne musikarar dette. Bassisten hadde til dømes ikkje tatt i ein bass før dei starta prosjektet! Heldigvis funka det som ei kule! Og vokalt var det intenst, aggressivt og forbanna! Eg blei heilt blåst av bana og synes skrikinga deira var perfekt! Vokalt var dette heilt på høgde med alt anna eg har høyrt i sjangeren. Attila frå Mayhem hadde vore imponert. Fleire svartmetallband bør hyre inn kvinnelege vokalistar! Punktum finale.
Witch Club Satan er utan tvil eit band eg kjem til å følge tett vidare. Var du ikkje so heldig at du fekk oppleve dei på Ekeberg i år, eller ikkje har sett dei før: dette MÅ du få med deg! Utan tvil ein magisk start på fredagen på årets Tons of Rock!