Foto: Terje Dokken


Pantera! Sist eg såg dei, var med alle dei originale medlemen i live, på Far Beyond Driven-turnéen. Altso mangeg herran år sidan! Fredag på Tons of Rock var det endeleg på tide med eit gledleg gjennøyr med den intense og eksplosive metallen deira. Og dei leverte ei konsertoppleving utan like. Publikum vart bergtatt og etterlate med øyra dundrande og hamrande hjarter.

Pantera entrar scena med ein energi som kunne halvert straumprisane i vinter. Sjølv om det ikkje er den originale gitaristen, viste Zakk Wylde kva han er laga av, med raske riff og fengjande gitarsoloar som tok pusten frå oss. Vokalist Phil Anselmo leverte ein vokalprestasjon som var både rå og intens. Milevegs frå det Axl Rose klarte på onsdagen. Stemma hans strøymde gjennom publikum som ein buldrande elv, og det var ekstremt høg allsang-faktor. Five minutes alone, Walk, Broken, eg kunne fortsatt. Publikum sang for full hals.



Lyden var kraftfull og presis, takka vere det imponerande lydmannskapet som hadde finjustert konsertopplevinga til det ytste. Trommeslagaren Charlie Benante heldt takta med ein presisjon og styrke som viste kvifor han er ein av dei beste i bransjen. Kvar slag på trommene føltes som eit hjarteslag i kroppen vår.

Pantera leverte ikkje berre musikalsk briljans, dei var òg veldig til stades på scena. Vokalist Phil Anselmo er ein meister med mikrofonen, både som vokalist og som publikumsfriar. Publikum elska han frå fyrste sekund.



Alt i alt var Pantera-konserten ein magisk kveld fylt med heftig musikk og intens stemning. Bandet leverte eit show som vil brenne seg fast i minnet i lang tid framover. Deira musikalske talent og sceneenergi er noko som få kan matche. Pantera var som ein orkan på scena, og vi publikum var heldige nok til å bli teke med på denne ville reisa. Ekstra kult at Satyr var med som korgutt på Walk!

Takk Pantera, for ein uforgløymeleg konsertoppleving! Det siste poenget får dei av sentimentale grunnar sidan dei fekk tårene til å sprette ved fleire høver. We saw God, Phil. We saw God!