Foto: Øystein Bagle-Tennebø


Rotting Christ er eit band som ikkje berre leverer musikk, men også ei oppleving. Med sin unike kombinasjon av black metal, gotiske element og folkemusikk, skaper bandet ei atmosfære som er både mystisk og rå.

På scena er Rotting Christ mektige og intense. Dei leverer tunge gitarriff og trommisen leverer tromming av god kvalitet. I det heile tatt skapar bandet ein lydmur som får publikum til å kjenne musikken i kroppen. Frontmannen Sakis Tolis sin stemme er som eit skrik frå djupet, fylt med smerte og aggresjon som treffer rett i sjela.



Det som gjer Rotting Christ så unike er deira evne til å blande ulike musikalske sjangrar på ein naturleg og nyskapande måte. Bandet tar med lyttarane på ei reise gjennom mørkaste skogar og stormfulle hav, med melodiar som skiftar frå det vakre til det brutale på eit blunk.

Eit høgdepunkt på konserten var då bandet spelte songen In Yumen - Xibalba, ein episk låt som tar lyttarane med på ei reise gjennom mytiske verdener. Med sine dunkle melodiar og intense stemning, skapte bandet eit magisk øyeblikk som fekk publikum til å miste seg sjølve i musikken.



Alt i alt var konserten med Rotting Christ på Tons of Rock 2024 ei flott oppleving. Bandet leverte ikkje berre musikk av høg kvalitet, men også ei stemning og atmosfære som tok pusten frå publikum. For dei som elskar rå, ekte metal musikk med ei dyp meining og mystisk klang, er ein konsert med Rotting Christ definitivt noko å få med seg. Det var berre so synd at lyden forsvann ut til publikum ved fleire høver. Dette øydela litt for konsertopplevinga.