Kvelertak, Graveyard, The Needs, The New Death Cult og Romskip representerer ei superfin breidde i rockesjangeren og kompletterer årets Malakofflineup.
Kvelertak med ny vokalist skal sjølvsagt spele på Malakoff. Når vi i tillegg har fått på plass fabelaktige Garveyard, det nye superbandet The Needs der medlemmer frå Kvelertak, Honningbarna, Olso Ess og Bendik Brenne har slått seg samen, det mystiske The New Death Cult og det beste frå Bergen Rock City - Romskip, så er dette eit solid punktum for årets Malakoffprogram.
- Vi er ekstremt opptatt av å gje publikum ekstra gode liveopplevingar, og booke eit program som skal ha hovudvekt på rock men samtidig ha noko for alle i alle aldrar og musikkpreferansar. Det meiner vi at vi til dei grader klart i år, seier ein særs nøgd festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal.
- Vi er ekstremt stolte av årets plakat! Den gjev retning for framtida til festivalen. Det er få små bygder som får besøk av Weezer, Bastille, Sigrid, Madrugada, Kvelertak, Bigbang, The Vaccines, Graveyard m.fl på ei helg, fortel Naustdal vidare.
Malakoff har vore utsolgt dei tre siste åra, og slik det ser ut no så er det ikkje om, men når, ein vert utsolgt i 2019 :)
Malakoff vert arrangert på Nordfjordeid 18.-20. juli og får særs storfint besøk i 2019 med internasjonale og nasjonale artistar som Weezer, Bastille, Sigrid, Madrugada, Highasakite, Bigbang, Danko Jones + mange fleire.
Se hele programmet her!
Heftig rockepakke til Malakoff!
Fem strålande rockeband vart i dag lagt til Malakoff-programmet og dermed er årets plakat komplett!
FLERE NYHETER
PREMIERE: please canary - Lazy
Svært lovende toner fra Oslo-artisten
Pete Doherty til Norge!
Klar for festivalsommeren 2027!
Vinn billetter til Mamas Gun og Avantgardet!
Britisk soul og svensk indie-sensasjon. Vi deler ut billetter til begge konsertene! >>
Fontaines D.C. kommer til Oslo
Verdens beste rockeband bekrefter sin største arenakonsert i Norge >>
Treningstights for kvinner: komfort og pusteevne
Treningstights for kvinner gir bevegelsesfrihet foran scenen >>











