Foto: Rival Sons
Malakoff har det med å please dei fleste, og dagens artistslepp byr på ein aldri så liten musikalsk godtpose som bør falle i smak for fans av både klassisk grom-rock, souljazzpop (om det skulle vera ein sjanger), elektronisk musikk og pop.
Rival Son er også klar for Buktafestivalen
I tillegg til Rival Sons, er Dina Ögon og Ka2 bekrefta til årets festival i Nordfjordeid.
- Med dagens slepp er 17 av 25 artistar offentleggjort, og vi ser konturane av eit Malakoff-program slik vi ynskjer at det skal vere. Mykje rock og ei god blanding av dine noverande favorittar og dine nye favorittar, seier festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal.
Rival Sons blir ein av headlinarane under årets Malakoff. Bandet har smelta mangt eit norsk rockehjarte, og har med seg eit heilt ferskt album i bagasjen når dei kjem til Norge i sommar. Det er også venta enda eit album i løpet av året. Publikum kan truleg sjå fram til smakebitar frå begge dei nye albuma, og ikkje minst live-favorittar frå dei tidlegare utgjevingane, under konserten på Malakoff.
Festivalens eigne favorittsvenskar, Dina Ögon, har også fått ein velfortjent plass i festivalprogrammet. Eit band som med sin miks av hiphop-inspirerte soul og jazz (!) burde vera bortimot perfekt på ein lun festivalsommardag.
Duoen Ka2 er også bekrefta til festivalen. Ei blanding av svevande pop, hard elektronisk musikk og høgt energinivå lovar godt for at det blir full fyr i festivalpublikum når dei entrar scena.
Rival Sons, Dina Ögon og Da2 er i godt lag. Så langt er nemleg også Denzel Curry, The HU, Dagny, Undergrunn, Hellbillies, The Good The Bad and The Zugy, Bob Vylan, Los Bitchos, Combos, Konvent, Joe Unknown og TSOYL også bekrefta. Og festivalleinga lovar at fleire godbitar er på veg.
malakoff.no