
Rival Sons
Lightbringer
Rival Sons gir ut sitt andre album for året, og Lightbringer står ikkje tilbake for det første.
Mykje av grunnen til dette kan vere den ulike bakgrunnen medlemmane har. Gitarist Scott Holiday har klassiske riff å kome med, mens vokalist Jay Buchanan er vel så mykje inspirert av amerikansk folkemusikk og tradisjonar. Trommis Mike Miley er også ein rockar, men har vist at han har henta teknikkar og lærdom frå mange andre sjangrar også.
Og dette høyrest igjen i musikken. Likevel får ein følelsen av at dei har gått litt tilbake til scratch på Lightbringer Som vocalist Buchanan seier sjøv, om førstesingelen Sweet Life: «It’s the most old school Rival Sons song on either of these records.” Men samtidig har dei med seg alle desse andre elementa, som på tidlegare plater har vore sterkare enn dei er no, men som samtidig er med på å gjere Rival Sons til det dei er i dag.
Mosaic er eit godt eksempel, ei nydeleg fin ballade som veks for kvar gong du høyrer den. Buchanan syng kanskje betre enn nokon gong, med ei stemme som berre får meir og meir sjel etter kvart som den blir eldre. Mercy er også ei kraftfull påminning om dette, og er rett og slett ei veldig god låt. I det store og det heile følast Lightbringer meir heilstøpt ut enn den første plata, meir som eit verk frå A til B. Joda, Nobody Wants to Die er kanskje den beste låta sidan nemnte Pressure & Time, men Darkbringer hadde sine dødpunkt. Det er det få av på Lightbringer, og det einaste sporet som kan minne om eit dødpunkt, Redemption, fungerar som eit kjærkome kvileskjær. Dette som er ei plate som eg trur vil vekse på meg framover, og eg er rett og slett imponert og glad for at band klarer å lage plater som er så godt samansatt! Sweet Life!
FLERE ANMELDELSER
OMD - Bauhaus Staircase
OMD gjør som de har lyst og markerer sitt 45-årsjubileum på ypperste måte. >>
Steven Wilson - The Harmony Codex
Visjonæren innenfor progrock bryter alle regler og leverer et post-pandemisk mesterverk. >>
Adama Janlo - Misaligned
Brilliant og enestående begynnelse. En stemme det er vanskelig å glemme. >>
Kardang - Rizky Biznizz
Sørlandsbandet Kardang er ute med sin andre fullengder, og den gir deg rein, hard og pur rock ‘n roll. >>
Spurv - Brefjære
Spurv er tilbake med eit nytt og ambisiøst album, som imponerar med store orkester og tunge gitarar i skjønn harmoni. >>
Trevor Rabin - Rio
Forrige vokale soloalbum kom i 1989. 34 år, 50 soundtracks og 200 konserter senere knaller Trevor Rabin til! >>
Pseudo Fruit - Heavy Nydelig
En norsk trio med full klaff og tre rette: ferdigheter, referanser og kreativitet. >>