Foto: Therese Wangberg, Musikknyheter.no

Malakoff slepp i dag dei siste 7 artistane til sommarens festival, og presenterer dermed ferdig plakat til sommarens festival. Festivalen gjestar eksepsjonelle liveartistar som vil gje musikalske minner for livet.

Ekstraordinære Aurora, bautaen innen black metal Satyricon, dei internasjonale norske elektronikastjernene Lemaitre, den steintøffe rocka danske trioen Baby In Vain, revitaliserte punkrockarar i Castro, dei unge potente molderockerarane i Revolt og dei lokale unge rockerane i Jackbow til MR18.

Årets plakat

- Vi er superstolte av årets lineup som er det mest rocka, sexy, eksklusive og grensesprengande programmet i Malakoffhistoria, seier festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal. Vi tilbyr eksepsjonelle liveartistar i mange musikksjangrar som vil gje musikalske minner for livet.

Her er store og små artistar som folk kjenner til frå før, men samtidig så er det vår rolle å tilby artistar som folk ikkje visste at dei ville ha, seier Naustdal vidare. Vi er med andre ord ekstatisk begeistra av lineupen totalt, og relativt kry av å kunne tilby artistar som Ghost og Wolfmother eksklusivt på Malakoff, i tillegg til mange andre artistar som berre spelar på, skriver festivalen i pressemeldingen.


Lineup:
GHOST, WOLFMOTHER, GLUECIFER, THÅSTRÖM, GABRIELLE, SATYRICON, AURORA, GÅTE, KJARTAN LAURITZEN, UNGE FERRARI, HONNINGBARNA, LEMAITRE, ONDT BLOD, EVA WEEL SKRAM, KRISTIAN KRISTENSEN, BABY IN VAIN, VAZELINA BILOPPHØGGERS, SIDE BROK & SIRKEL SAG, THULSA DOOM,SLØTFACE, HALIE, BOKASSA, SJUR, HEAVE BLOOD & DIE, I AM K , CASTRO, JACKBOW, REVOLT, OSELIE , SOFIA

Malakoff18 vert arrangert 19-21. juli på Nordfjordeid.