Foto: Oddbjørn Steffensen



Du vert ikkje det største ikkje-engelskspråklege rockebandet i verda, om ikkje musikken og melodiane er feite nok til å stå på eigne bein. Du må med andre ord ikkje skjøne orda til Rammstein. Men då ein kompisgjeng frå Oslo på slutten av 1990-tallet starta å gjere djupdykk i tekstane, skjønte dei at dette måtte verda få med seg! Eller, i kvart fall måtte Noreg få det med seg.

Ei utslite Spynorsk Mordliste og eit par korrekturlesingar av Språkrådet seinare, og dei fyrste Rammstein-låtane på nynorsk var klare, ein vinterdag i 2003. Med breie bein, gjerne pyro og med ein noko større dose godt humør enn kva metalband gjerne er kjend for, har Rammsund misjonert på vegne av Rammstein og Målsaka.

Det heile kulminerer i høgdepunktet den 17. august, når Rammsund får æra av å ta med seg pyroeffektane til Rockefeller og offisielt opne ballet for Rammstein, som spelar på Ullevaal Stadion dagen etter.

Billetter i salg via Ticketmaster.no den 22. mars klokken 10:00.


Anmeldelse av Rammsund på Garage