Foto: Julia Marie Naglestad


Overraska

Mange håpefulle artistar som denne vinteren har vorte slått ut av delfinalane i Melodi Grand Prix, kunne mandag kveld få sjansen til å kome med i den nasjonale finalen komande laurdag. Til slutt var det Jorn, eller Jørn Lande, som stakk av med gullbilletten, med låta "Faith Bloody Faith".
Jørn og bandet hadde samla seg for å følge sendinga, og vart overraska då resultatet var klart.

- Vi synest det var mange sterke bidrag. Vi er litt sjokkerte, men veldig glade og stolte, sa den rutinerte vokalisten.



Mobilisering
Fanskaren til Jørn, hadde som mange andre, mobilisert i sosiale medier, radio, og aviser, for å samle flest mogelege stemmer. På facebook vart det danna ei eiga gruppe, som mellom anna hadde laga eit digitalt kor som song vinnarlåta. Hovudpersonen la sjølv ut ein video i gruppa same kveld, og takka for støtta.

- Tusen takk skal de ha, det er heilt rått! Tove, du er brutal! Vi er veldig glade no, og visste vi hadde ei god låt, men takka vere dykk skal vi vere med i finalen!

Jørn føyer seg til dei fem vinnarane frå delfinalane, og seks forhandskvalifiserte bidrag, som utgjer den nasjonale finalen komande laurdag.