Foto: Dave Brodsky

Det amerikanske rockarane frå Maryland vert ofte rekna som eit av dei største undergrunsbanda i verda, og til sommaren så spelar dei ein eksklusiv og etterlengta festivalkonsert på Malakoff-festivalen på Nordfjordeid.

– Dei amerikanske stonerrockarane har vore høgt på ønskjelista vår i mange år, så det er frykteleg stas at eit av dei absolutt tøffaste rockebanda der ute endeleg besøkjer Malakoff», seier ein begeistra festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal

Clutch har halde det gåande i snart 30 år, og har opparbeidd seg ein fanskare som er meir dedikerte enn dei fleste. Bandets groovy stonerrock har blitt brukt i reklamer, spel, tv-seriar og filmar, og har tydelege referansar til Led Zeppelin, Black Sabbath og ZZ Top.



Pandemien har sett sin stoppar for Clutch sine konsertar dei siste 21 månadene, men no er dei klare for konsertar- og endeleg kan vi få oppleve dei på ei norsk festivalscene. For dette blir den fyrste festivalkonserten i Norge på mange år. Nytt Clutch-album er venta i 2022.

Til no er følgande artistar offentleggjort til Malakoff22
Trippe Redd (Us), Clutch (Us), Sondre Justad, Idles (Uk), Gabrielle, Kvelertak, Brenn, Murder Maids, Metteson, Daufødt