Foto: Skjermdump frå video og Tekla Lou
Det feministiske svartmetallbandet Witch Club Satan har dei siste åra sett fyr på norsk svartmetall, og opna sjangeren for eit nytt publikum.
Trioen har sjokkert, imponert og provosert med sitt brutale uttrykk og ekstreme live-show, blant anna med eit blodrituale i Emmanuel Vigelands Mausoleum, der blod tappa både frå seg sjølv og publikum, blei brukt som maling av kunstnar Kim Diaz Holm.
Etter deira første klubb-konsert under Øya 2022, vart bandet utropt til not safe for work (NSFW) av NME, som kalla dei eit høgdepunkt som var «genuinely terrifying». I mars 2024 gav bandet ut det kritikarrosa debutalbumet Witch Club Satan.
Bandet har no signert med nederlandske Doomstar Booking, og siktar seg inn på internasjonalt territorium med sin første betydelege turné i Europa.
I forkant av turneen, og med blikket retta mot verda, sender bandet ut sitt hittil drøyaste visittkort, i form av ein blodig musikkvideo med bilete henta frå eit av Noregs nasjonale ikon, Edvard Munch. Måndag kveld inviterte heksene til premierefest på Goldie. Der viste dei videoen, men det var fyrst eit innslag frå dokumentarist Maja Holand som lagar dokumentaren Hex om bandet. Vi fekk sjå ein kort trailer. Ut frå det vi fekk sjå, blir dette ein dokumentar det er verd å få med seg. Sjølv om vi lyt vente til 2026 …
Musikkvideoen er eit samarbeid mellom Stian Andersen, ein av dei framste regissørane av musikkvideoar i Noreg og fotografar (Turboneger, Kvelertak, Karpe, Robyn, Girl in Red, Røyksopp, Susanne Sundfør) og bandet. Heksene seier at dei lenge har hatt ein draum om å arbeide med nettopp han. Saman har dei hatt som mål å lage ein urovekkande splatter der mensblod og norsk kulturarv koagulerer.
—Vi trur at albumet, og prosjektet i sin heilskap, får ny merksemd med ein musikkvideo som befestar vår visuelle slagkraft. Vi er ikkje redde for å (mis)bruke norsk kulturarv, og stel Munch-maleriet «Vampyren» for føremålet, seier bandmedlemmene.
– Vi nyttar oss av tung symbolbruk, og koplar det blant anna opp mot Munchs ekspressive motiv. Åpningsbiletet er ein filmatisert rekonstruksjon av Munchs kjente maleri Vampyr frå 1893, røper Andersen.
Det er faktisk fleire interessante parallellar mellom Witch Club Satan og kunsten til Edvard Munch.
Både Witch Club Satan og Munch utforskar mørke og intense tema. Kunsten til Munch som Skrik og Døden i sjukerommet, dukkar djupt inn i menneskeleg angst og liding. Witch Club Satan, på si side, kanaliserer kvinnelig raseri og opprør gjennom musikken sin, og tek opp tema som undertrykking og urettferd.
Munch utfordra dei strenge, pietistiske verdiane han vaks opp med, og kunsten hans reflekterer ei søken etter personleg fridom og uttrykk. Witch Club Satan brukar black metal som ei plattform for å utfordre og bryte ned tradisjonelle kjønnsroller og forventningar.
Både Munch og WCS har vist ei vilje til å eksperimentere og kombinere ulike kunstformer. Witch Club Satan starta som eit prosjekt som kombinerte musikk og teater, og dei lærte seg sjølv å spele instrument for å uttrykke sin kunst. Munch, på si side, var påverka av ulike kunstbevegelser som symbolisme og ekspresjonisme, og han integrerte desse innflytelsane i sitt arbeid.
Munchs kunst er kjend for sine sterke kjensleuttrykk, noko som òg er sentralt i musikken til Witch Club Satan musikk. Begge brukar sine respektive medium til å formidle intense kjensler og skape ein djup emosjonell respons i sitt publikum.
Singelen Fresh Blood, Fresh Pussy er ein eksplisitt, illsint låt, som dreg svartmetallen tilbake til sine røter frå punken. Låta skildrar fragmenterte og forstyrra scener frå eit ungt kvinneliv med menstruasjon, hennar komplekse forhold til eiga mor, syklus, seksualitet og sinne. Ifølgje bandet er Fresh Blood, Fresh Pussy metallens svar på Cardi B’s låt WAP, med glimt i auget.
Sjå videoen til Fresh Blood, Fresh Pussy under.