Foto: Joanna Olichwer
På Jonsokafta, 23. juni, slepp Witch Club Satan den nye singelen You Wildflower, og tilhøyrande musikkvideo. Låten blir av bandet beskriven som ei stille, men kraftfull bøn i ei verd som brenn.
– Hvis du lager kunst i dag, må du forholde deg til det globale, du må vise hvor du står: at du står for alle menneskeliv og at ingen skal undertrykkes, seier bandet.
Dei er opptatt av at alle som har ein mikrofon og/eller ei scene må bruke denne makta til å meine noko! At dei har ei fordømt plikt til å meine noko. Til å stå opp for noko. Den makta musikken gjer dei kan ikkje stå åleine utan meining. For bandet er det umogleg å tenke at musikk skal vere upolitisk.
– Har du en mikrofon og en forsterker, så har du makt. Og da kan ikke musikk skilles fra politikk. I sin kjerne er black metal punk – det er sånn vi ser det.
I You Wildflower er heksene framleis forbanna. Dei skrik framleis ut sin frustrasjon, men samtidig merker ein eit skifte i stemning. Det er på ein delikat måte meir sårbar, mjukare på eit vis. Låta har noko merkeleg sart og vevert over seg i sin råskap og aggresjon.
– Håp er radikalt i vår tid, og håp er en forpliktelse. Å gi opp kan være fristende – da slipper man å kjempe. Men You Wildflower er en oppfordring til å stå på. En klassisk call to action-sang, slik musikere gjorde i langt større grad på 70-tallet!
Håp ser ut til å vere viktig for WCS. Dei syng “haunted by hope”, som om det å bry seg er noko vederstyggeleg. Som håp er noko ein skal frykte. I disse tider er det kanskje slik at det er enklare å halde seg passiv, enklare å berre tenke at dette får nokon andre fikse. Håpet kan bli både ei sovepute for nokon, men noko som tvinger andre ut i kamp. Ein kamp for håpet og for rettvise.
– Vi vil vise at kjærlighet og omsorg også er våpen. Vi utforsker det milde som en motstandsbevegelse. Men det handler også om kontrasten – verden er preget av krig, og blodet pipler ut av oss. Når man bryr seg, blir man merket av volden som skjer. Men vi forsøker å vise at volden kan stoppes.
Witch Club Satan blei nominert til Spellemann for musikkvideoen til Fresh Blood, Fresh Pussy, ein svart-kvit horrofilm. Videoen vann òg ein pris under Berlin Video Music Awards. Med videoen til You Wildflower har dei gått i ei heilt anna retning. Etter den siste “skrekkfilmen”, kjem no ei grøn, forsiktig bøn fra skogens ro regissert av Jonas Mailand.
– I en verden som er sterkt preget av en aggressiv macho-kultur, blir tilhørighet, empati og kjærlighet i seg selv til motstandskrefter, sier bandet. – Håp er radikalt i vår tid.
Videoen har premiere 23. juni.