Egil Olsen er både teikeserieskapar og musikar. I dag er han ute med ny musikk. Vi let Egil sjøl fortelle:

"Min nye singel 'Reset' er ein song om å ikkje fungere, å ha lyst å klippe seg opp i småbitar og sette seg saman på nytt.

Musikken, bygd opp av samples av nokre av mine gamle songar, godgjorde seg på ein harddisk nokre år, men teksten datt ikkje på plass før heilt til slutt. Eg likar å spare den siste songen på eit album til slutt. La siste songen på albumet vere det siste eg skriv ferdig, og det siste eg syng inn. La den bli oppsummerande og fersk.

Etter ei fallulykke, har eg slite med smerte og krampe, og jobbar framleis med å bygge meg opp. Albumet skulle ha ein raud tråd om å lære å kjenne seg sjølv, plukke seg frå kvarandre, men å bokstavelig talt dette i bakken og knuse, var kanskje ikkje nødvendig.

Med utfordringane eg har hatt, har det vore vanskeleg å vere den eg alltid har vore - han som gjer alt sjølv - Mr. DIY. Eg har alltid hatt tusen ballar i lufta, vore aktiv og kreativ, teikna, produsert, laga musikk, teikneseriar, mine eigne platecover og mine eigne musikkvideoar.

Musikkvideoen til Reset har eg ikkje laga sjølv. Eg blei onkel til tvillingar året eg ga ut mitt første album. Eg passa på å vere kul onkel og gi dei blyantar, tusjar, papir og plastilina. Eg har vist dei skrekkfilmane eg laga som tenåring, latt dei spele på instrumenta mine og leike med He-Man-figurane mine. No er dei vaksne, teiknar, modellerer, lagar dataspel, musikk og film.

Tor Eivind, som for tida er filmstudent i Oslo, fekk full friheit til å lage musikkvideo til Reset. Han samla ein gjeng, og laga det eg trur må vere min finaste musikkvideo. Det er ein film! Å sitte heime, og på det verste slite med å løfte armane, blei det veldig sårt og fint å sjå skodespelar Amanda O. Storaunet bygge ein ny Egil Olsen. Overvelda og leande, med tårer i augene, mista eg detaljane i slutten av videoen og måtte sjå den igjen. Og igjen. Og ein gong til. Eg ante ikkje kva eg hadde i vente, men dette var over all forventning. Stolt onkel!

Singelen og musikkvideoen sleppast på internett 31. januar. Albumet, Direct Sunlight and Heat, er enn so lenge kun tilgjengelig på fysisk format, på både cd, vinyl og kassett på mi nettside. '

Reset er innspelt i Songar/Songskrivargarden i Volda med Egil Olsen på rhodes, samples og vokal, Martin Morland på bass og Kim Åge Furuhaug på trommer."