egil olsen - mouths to feed
egil har selv laget en nydelig animert video til hans nye singel
- Mouths to feed' er min første nye låt på tre år, og den første i ei rekke singlar som skal kulminere i eit album til seinhausten 2021. I dag slepp eg denne animerte musikkvideoen, teikna og animert av artisten sjølv, meg, Egil Olsen
Fortell litt om låta.
- eg skreiv faktisk 'mouths to feed’, eller delar av den, for mange år sidan, og kvar gong eg har sitte ved eit piano eller flygel har eg klimpra på den og visst at den skulle vere ein base for eit framtidig album. eg hadde eigentleg eit håp om å gi den ut i april i år, men då alle konsertane eg hadde booka blei avlyst, bestemte eg meg for å bruke meir tid i studio. eg synest den passar enda betre no enn nokon gong. eg har også alltid tenkt at den er litt julete, so det passar på monge måtar best å gi den ut akkurat no.
det er vel ein song om det evige jaget etter å både tjene og bruke pengar. nokon oppfattar det som ein antikapitalistisk song, og nokon har til og med kalt det ei protestvise. eg er ikkje sikker på om eg er heilt einig. med dei nye songane mine prøvar eg mest å distansere meg og observere. å sjå på meg sjølv og mennesket frå utsida. det er mykje aksept her, det er ikkje nødvendigvis positivt, men eg føler eg aksepterar like mykje som eg kritiserar.
Veldig fin video. Fortell litt om den.
- eg har laga videoen sjølv. eg har tidlegare hatt teikneseriestriper i dagbladet og har lenge hatt lyst til å lage ein teiknefilm i den stilen. denne er for det meste laga på ein ipad, og det er utruleg for meg at det er mulig. eg har alltid vore ein animasjonsnerd og laga små filmar sidan eg var tenåring. skulle ønske eg hadde ein ipad pro då eg var 13. no har eg akkurat flytta til volda også, og volda er vel satt på kartet for sitt animasjonsmiljø med animasjon på høgskulen og festivalen animation volda. kan ikkje flytte hit utan å lage animasjonsfilm.
Hvordan har COVID-året vært for deg?
- covidåret har for meg, som dei fleste andre, vore heilt fullstendig crazy. det er faktisk galskap å miste so mykje jobb og sjå miljøet du er ein del av slite so hardt som det gjer no. og so er det veldig vanskelig å planlegge framover. eg hadde lagt planane om å sleppe ny musikk på is, men no er eg lei og rastlaus, og kanskje det er ei fin tid å sitte inne og høre på trist pianomusikk. ellers var eg heldigvis tidleg ute med å streame konsertar fra studioet mitt og har gjort det til eit månedleg show. det har vore veldig fint å kunne gjere det - å få vere egil olsen, artisten, av og til.
- vi har budd i skogen på nesodden i nokre år no, men endte med å selge huset og flytte tilbake til sunnmøre. vi har ein liten som nesten ikkje hadde sett andre menneske før han blei eitt år, og so har vi ein på seks som skulle byrje på skulen. og dagane var ikkje akkurat stappfulle av anna enn covidnyheiter og frykt og angst, so det passa fint å flytte no.
- vi har flytta inn i eit stort ærverdig bygg i volda, gamle skrivargarden, fra 1816. her blir det både studio på loftet og scene i det som er kalla storsalen. allereie no i desember har vi fire utselde konsertar, med veldig begrensa antall billettar og trygg avstand. huset har tidlegare vore kunstnerbolig, galleri og scene og har husa fleire legendariske musikarar som mellom andre karin krogh og chet baker.
Egil spiller på Rockefeller i Oslo. Søndag 31. januar 2021.
FLERE VIDEOER
Peer Gynt (ft. Micky Moody) - Hangman
Nytt samarbeid mellom den norske gitarvirtuosen Peer Gynt og legendariske Micky Moody fra Whitesnake.
Amilost - Haunted
Skandinavisk pop med filmatisk grandiositet.
PREMIERE: Intertwine - To Be A Mountain
- Menn bør grine mer, mener Tarjei Ekelund aka Intertwine. >>
Jon Anderson & The Band Geeks - Shine On
Den tidligere Yes-vokalisten har annonsert nytt album i august, og her er den første singelen. >>
Ace Frehley - Walkin' On The Moon
Romfareren fra Kiss ute med ny single fra det kommende albumet 10 000 Volts. >>