Etter debuten i 2004 har Odd Nordstoga gitt ut til sammen tretten album. Dette Landet, som gis ut i dag, er hans syvende soloalbum og menger seg i rekken med titler som Luring, Heim Te Mor, November og Bestevenn. Nordstoga er en av Norges mest folkekjære artister med sin særegne og naturlige blanding av klassiske folketoneinspirerte viser og populærmusikk.

Gratulerer med nytt album, fortell litt om innspillingen.

- Plata er spelt inn i Atlantis studio i Stockholm. Det er eit ganske vintage og kjempebra studio med Janne Hansson som teknikar. Ein eldre herre med null hipsterfakter, men med eit ekte og fantastisk øyre for organisk og god lyd. Albumet er produsert av David og Ivar Vogt frå bergensbandet Realones. Me jobba eit par helgeøkter i Bergen med låtane før me drog til Stockholm med bandet og spelte det inn. Stort sett er det livetagningar som ein høyrer på plata. Bandet besto av David Wallumrød på tangentar, Torstein Lofthus på trommer og Tor Egil Kreken på bass. Øyvind Blomstrøm gjorde eit par pålegg etter me kom heim att.


På tre av låtene har forfatter Stein Versto vært med å skrive tekst. Hva har han tilført sangene, synes du?

- Stein Versto er ein unik person og ein unik forfattar. Eg er heldig som har fått tilgang til tankane hans via tekstane han har gjeve meg. Det å jobbe med hans tekstar opnar for andre delar av min musikalitet og utvidar såleis mitt uttrykk. Han tilfører ofte det store perspektivet og tilfører ikkje berre plata, men meg som artist ei støre djubde og ein høgare himmel gjennom sine tekstar gjennom etterkvart mange år. Ære være Stein Versto. Han har noko å gje oss andre.


Dette Landet er ditt syvende soloalbumet, er det vanskelig å fornye seg?

- Andre får dømme om eg utviklar meg nok. Sjølv tenker eg at eg nesten har ei litt for vid ”uttrykksvifte”. Men utfordringa er jo å heile tida gå vidare, inn i musikken, kva enn sjangermessige referanser ein lener seg mot. Slik sett er jo tida som går ein viktig ting for å få eit anna perspektiv. Syns ein ettersom åra går automatisk fornyar seg. Håpar at musikken fylgjer etter på det.


Hva er den største forskjellen på dette albumet og de seks foregående?

- Det er eit album som i stor grad fokuserar på låtane. Her er lite av folkemusikalske spiloppar for å liksom sette plata inn i ei slik ramme. Det er eit ganske stright bandoppsett og songen må stole berre på seg sjølv. Ikkje det at ikkje låtane i seg sjølv har vore målet før, men her er det i alle fall berre det alt står og fell på.

 photo OddNordstoga_PhotoStianAndersen 1_zpsxzbibz6o.jpg


Anmeldere er flinke til å sammenligne nye artister med andre artister. Hvis du selv måtte beskrive dere selv og bruke to slike sammenligninger, hvordan ville det lyde?

- Eg er ein litt rastlaus og nyfiken ”singer songwriter” Eg er farga av at Noreg er eit lite land der ein spelar på mange ulike scener og har tilpassa meg det reint musikalsk. Medvete eller ikkje. Så står eg i tradisjonen etter Bjørn Eidsvåg og slike, men har høyrt meir enn han på Amerikansk musikk frå store arenaer. Springsteen og andre. Men eg er ikkje den rette til å døme kva eg er. Uansett – Eine dagen vil eg vera Gillian Welch på eit lite teater, den neste vil eg vera Springsteen som vrenger halsen på Madison Square Garden. Så står eg der då, på eit kulturhus i ein norsk dal og endar vel opp med å vera meg sjølv. Det er det som funkar.


Hvis du skulle spille en coverlåt på din neste konsert, hva ville du ha spilt?

- Då ville eg med bandet mitt no spelt anten Springsteens ”Darkness on the edge of town” eller ”Across the borderline” av Ry Cooder.


Hva er dine topp3 norskspråklige album gjennom tidene?

- Vanskeleg spørsmål: Men frå toppen av hovudet kjem no ”Og høsten kommer tidsnok” av Anne Grethe Preus, ”Spor” av Kari Bremnes og De Lillos ”Suser av gårde”

Hvis du skal trekke frem tre inspirasjonskilder til dette albumet, hva må med?

- Springsteen, Paul Simon og Tom Waits.


Det er mye bra norsk musikk om dagen. Hvilke andre norske artister mener du man bør følge med på?

Daniel Kvammen, Highasakite, Emilie Nicolas er tre nye som har noko stor ved seg. Blir spennande. Han fyrste har ikkje det tidstypiske så tilstades som dei to andre. Kanskje det er ein fordel? Veit ikkje.


Hva med internasjonale skiver, noen favoritter akkurat nå?

- Ane Brun, om ein kan kalle den plata internasjonal, og det kan ein vel. Ellers nye til Ryan Adams. Den var veldig fin. Ellers må eg innrømme at mitt fokus har vore Odd Nordstogas nye dei siste månadane.


Du skal ut på en omfattende turnè, er det noen steder/scener du liker spesielt godt å spille på?

- Der det fullt. Der er det artigast. Det er jo spesielt stas å spela på ein plass som Operaen. Ellers var det fantastisk å spela med Heimafrå på Byscenen i Trondheim. Det var rett musikk i rett setting. Det er mange fantastiske plassar å spela i Noregs land. Vanskeleg å peike ut nokon spesiell altså.





14. oktober legger også Odd Nordstoga ut på en omfattende norgesturné.
Turnestarten går ned på Sinus i Bodø og deretter besøker han 31 byer og steder i Norge i løpet av de to neste månedene.

Foto: Stian Andersen

Sjekk turnelisten her