Foto: Ådne Evjen

Stein Torleif Bjella har gitt ut plater som soloartist sidan 2009 då albumet Heidersmenn kom ut. Han har i alt gitt ut fem soloplater, og den foreløpig siste plata kom i fjor og heiter Jordsjukantologien - musikken. Bjella har vunne Spellemannpris for plata Vonde Visu, han har og fått Prøysenprisen, Bendiksenprisen og Edvardprisen. Han har gitt ut diktsamlinga «Jordsjukantologien», og teaterstykket «Nokon må gripe inn» er basert på låtar og personar frå Bjella sitt musikalske og tekstlege univers. Han skreiv og låtar til to album med bandet Tolv Volt.

Bjella hadde solokonsert på BrimiBue fredag 30.08 i samband med arrangementet «Diktardagar» i Lom. Han trakterte forskjellige akustiske gitarar, og fekk og hjelp frå publikum til å spele munnspel. Det var eit særs lydhørt og entusiastisk publikum som overvar den knappe halvanna timen med Stein Torleif Bjella. Etter konserten fekk Musikknyheter ein prat med artisten frå Ål i Hallingdal.


Konserten din i kveld er ein del av «Diktardagar» i Lom. Vil du kalle deg sjølv diktar?
– Eg er ein låtskrivar som er veldig glad i litteratur. Eg likar både å skrive og lesa, men fyrst og fremst er eg her som spelemann.

Kva førebilete har du innafor det litterære feltet?
– Det er musikk og låtar som fyrst i livet har vore mine referansar. Eg høyrde mykje på ZZ Top i unge år, så du kan godt seie at Billy Gibbons er eit førebilete og ein referanse når det gjeld låtskriving. Elles kjenner eg godt Tor Jonsson som er herifrå. Eg likar og godt Knut Hamsun, som hadde røter i området her. På ungdomskulen las eg «Victoria» og «Markens Grøde». Særleg «Victoria» gjorde kjempeinntrykk på meg. Eg tok til tårane av Johannes i «Victoria», så den romanen betydde noko for meg.

LES OGSÅ: Norges nye visekonge målbinder Øya

Kva norske artistar likar du eller er inspirert av?
– Det er so mange. Eg likar den ramme stilen til Vidar Sandbeck, og eg likar og Prøysen når han er ram. Av nyare artistar sett eg stor pris på Michael Krohn. Lars Lillo er stor, og eg har sansen for effektiviteten i DumDum Boys-låtane. Razika er eit anna band eg er glad i. Begge døtrene mine høyrer på Razika, og ein av dei var på avskjedskonserten deira på Øyafestivalen. Eg likar godt Moskus og Spidergawd, og Susanne Sundfør gir meg alltid gåsehud.

Sei litt om fordelane og ulempene ved å reise aleine i forhold til å spele i band saman med m.a. Sundstøl og Maarud?
– Eg elskar å spele i bandet, vi har det veldig fint saman, men det går berre ikkje rundt heile tida, så difor har eg vent meg til at eg må klare meg sjølv. Det var og sånn det starta, eg reiste rundt med gitaren og sang låtane mine.

Har du noko å tilføye til debatten om norsk publikum sitt dårlege konsertvett?
– Generelt sett trur eg det handlar om booking. Det handlar om korleis lineupen er den aktuelle kvelden, og kva profil konsertstaden eller festivalen har. Av og til er det full klaff, andre gongar ikkje. Innimellom må ein vel vere førebudd på alt.

Det med prating og støy blant publikum er kanskje meir ein festivalgreie?
– Ja, det er kanskje det? Eg veit ikkje. Alle festivalar er ulike.

Om du ikkje hadde reist rundt og framført låtane dine, ville du likevel ha skrive låtar og laga tekstar?
– Eg har openbart eit uttrykksbehov. Det kjem bølger med ting som eg føler eg uttrykke. Det går i ujamt tempo, men sett over lengre tid er behovet for å skrive låtar heilt klart til stades.



Vil du seie at låtskriving har ein terapeutisk effekt for deg?
– Heilt openbart! Eg føler meg utruleg sterk og glad og i ei boble når eg har ein ny låt som eg er i ferd med å lande. Det er ei sterk kjensle både fysisk og psykisk, og det er der eg lengtar etter å vere. Det er veldig tilfredsstillande å ha ein låt på gang.

Mange, meg sjølv medrekna, har fordommar i høve til at artistar berre høyrer på den musikkstilen dei sjølv driv med. Kan du overraske oss når det gjeld kva musikk du høyrer på?
– I bilen min går det berre i Glen Campbell for tida. Det er svære greier. Det er så melodiøst og så fint produsert. (Her begynner Bjella å nynne «I know I need a small vacation» frå låten Wichita Lineman).

– Elles har eg ei best of-speleliste med fado som eg har høyrt på lenge. Eg har vore i Portugal på fado-museet og på fado-konsertar og det treff meg veldig. Noko av grunnen er kanskje den melankolske og inderlege stemninga, men det har og mykje å gjere med songteknikk og instrumentering. Dei er heilt ekstremt dyktige vokalistar! Nokre av songane på Vonde Visu meiner eg er inspirert av fado, bl.a. Søt harmoni og Tre Viku. Kultur- og musikkutrykket fado står faktisk på UNESCO-lista.

– Eg høyrer og på klezmer-musikk og ein del russisk folkemusikk. Elles har eg ei speleliste med napolitanske fiskesanger. Aurelio Fierro er ein stor favoritt.

– Elles vender eg ofte attende til J.J. Cale. Det er så laidback, så musikalsk og dynamisk. Eg trur han hadde eit godt liv – når eg høyrer den rolege musikken.

- Døtrene mine har introdusert meg for Billie Eilish. Suverene songar!

Eg føler at eg har blitt kjend med Ål og Hallingdal gjennom tekstane dine. Kan ein kalle det du lagar for heimstaddikting?
– Ja, kall det gjerne det. Heimstaddikting har ingen høg status i litteraturen, men viss litteraturen ikkje er lokal, kva er den då?

Det kan høyrest ut som det ligg humor under i mange av låtane dine. Er det noko du eventuelt gjer bevisst?
– Det er ikkje noko eg tenkjer over. Eg skriv det eg vil og folk tolkar det dei vil. Mange av låtane mine er openbart ikkje humoristiske, andre har vel humor i seg. Eg går ikkje inn for å vere morosam heile tida.

Har du noko nytt på gang i næraste framtid?
– På nyåret håpar eg å få ut ei plate. Eg driv og skriv nye låtar no, so får me sjå.




Heimesida til Stein Torleif Bjella

Settliste frå konserten på BrimiBue