Foto: Lotte Tangen
Siden debuten med albumet It All Seems So Clear i 2021 har Ingvild Flottorp markert seg som en solid låtskriver innenfor country-sjangeren. For andrealbumet I Just Wanna Know It All året etter ble hun nominert til Spellemann.
Begge utgivelsene fikk 8 av 10 mulige poeng av vår anmelder.
I fjor ga hun ut albumet In This For A Lifetime, et samarbeidsprosjekt med Øyvind Blomstrøm fra bandet Orions Belte.
Nå er 27-åringen fra Åmli i Agder klar med en ny EP som har fått tittelen Songs From Behind. Tidligere i år har hun sluppet singlene Jimmy og Something I’ve Learned.
En overgang
- Songs From Behind består av songar som har samla seg opp: Nokre nye og nokre som ikkje hadde fått plass på mine andre utgjevingar, men som eg likevel ville spele inn, forteller Ingvild Flottorp til Musikknyheter.
Hun forklarer at det å skrive er den viktigste delen av hennes musikalske virke, og at hun skriver mye.
- Eg gjekk i studio med veldig mange songar hausten i fjor, og eg merka at eg den siste tida hadde fått ein litt annan måte å skrive på. Songs From Behind består av songar eg hadde skrive før eg kjende eit slags skilje. Dermed var det naturleg å gje dei ut som ein EP for å samle desse songane, sier Ingvild til Musikknyheter.
Denne utgivelsen kan derfor sies å være en avskjed med det gamle og en inngang til noe nytt.
- Eg ser på denne EP-en som ein slags overgang. Som eg nevnte er songane på EP-en skrive før eg endra litt på måten eg har omfavna låtskrivinga mi. Men desse er spelt inn og produsert på same vis som musikk eg skal gje ut i framtida, så dermed er denne EP-en både ein avskjed, men også ein inngong til noko nytt.
Tre kassegitarer og en mikrofon
Denne gangen spilte hun inn alle låtene live i studio sammen med sitt faste band og produsent Øyvind Blomstrøm. Låten Something I’ve Learned ble f.eks fremført med tre kassegitarer og spilt inn samtidig rundt kun én mikrofon.
- Det var fyrst og fremst utruleg hyggeleg. Dagane vi hadde i Juke Joint Studio på Notodden var intense, og eg spelte mykje wurlitzer (elektrisk piano) og vi satt meir spredt rundt i studio.
- Men på denne songen stilte Øyvind, gitarist Mathias (Tveit Hammersmark) og eg oss tett rundt ein mikrofon og spelte. Det kjentes veldig nært og fint ut, og eg håper det skin gjennom til dei som høyrer songen også.
Første låt ut fra EP’en var Jimmy, som ble skrevet i 2021.
- Jimmy skildrar en hardtarbeidande karakter som helt sikkert finst i dei fleste bygder i Noreg. Songen har ein ulmande energi og psykedeliske tendenser der bandet med Øyvind som produsent i spissen verkelig får vist evne til å bygge opp under stemninga i historia. Songen om Jimmy har ein underliggende lengsel, men sterk livskraft som står i flammar, forklarer hun.
- Hva var den største utfordringen i studio?
- For meg var nok det å klare å halde fokuset oppe. Heldigvis hadde eg produsent Øyvind Blomstrøm til å hjelpe meg med det. Songane vi spelte inn var også ganske ferske for bandet, så det var ei utfordring å klare å halde trua oppe på at det vi laga kom til å bli bra. Å vere i ei boble slik i 3 dagar var også uvant for meg, og når eg køyrde heim etterpå var eg ikkje heilt sikker på om det vi hadde gjort var noko særleg.
Ingvild Flottorp forteller at hun har utviklet seg mye siden hun startet som artist.
- Eg har vel rett og slett blitt eldre og meir erfaren. Samtidig får eg stadig fleire livserfaringar, og trur og håpar at eg også stadig er i stand til å skrive musikk som kan romme noko utover berre meg sjølv.
Norske mohairgeiter
Til daglig jobber hun som tekstilhåndverker på et lite spinneri i Seljord i hjertet av Telemark.
- Eg arbeider både for meg sjølv med tekstilar der eg driv med plantefarging, brodering til Åmlibunad, sauming og biletveving. Men eg har også ei deltidsstilling på minispinneriet Telespinn i Svartdal. Der spinn vi i hovudsak garn av norske mohairgeiter i ein miljøvenleg produksjon. Eg får ta del i produksjonen, veving og utvikling av strikkeoppskrifter, med mer. Det er utruleg givande arbeid, og eg anbefaler alle å kome innom og sjå på produksjonen og helse på geitene.
- Er det noe du drømmer om å utforske de neste årene?
- Eg har for det fyrste lyst til å utforske gamle bryllaupsforkle frå Åmli som er broderte med ein unik teknikk som heiter sparesaum, men nå tenkte du kanskje på musikk... Eg er i gong med eit nytt prosjekt der eg for fyrste gong skriv songar saman med nokon andre, og der skal vi utforske heilt nye måtar for oss å skrive på. Det ser eg veldig fram til å gå meir inn i og etterkvart vise fram!
Sang på dialekt
Veldig mange artister har opp gjennom årene latt seg inspirere av navn som Joni Mitchell og Emmylou Harris. Så også Ingvild Flottorp.
- Eg er nærmast avhengig av å høyre på Joni Mitchell med jamne mellomrom. Ho har ein heilt særeigen måte til å streke opp linjar mellom alle delar i meg og i livet elles gjennom songane sine. Og det er jo dei fleste einige om, trur eg. Eg blir frykteleg inspirert av dei som verkeleg kan gje meg ei kjensle av å vere inni musikken, ikkje at den kjem inn til meg. Dette er det spesielt fleire av artistane rundt Laurel Canyon på 70-talet som får meg til å føle.
- Hva hører du på for tiden – er det noe som inspirerer deg akkurat nå?
- Jonas Alaska på norsk, og ikkje nok med det; på Åmlidialekt, til og med! Det er inspirerande å høyre at det kan vere så fint med song på dialekta vår.
- I tillegg til Jonas Alaska, så trur eg Reolo er nokon ein bør følge med på. Det dei har gidd ut til nå fortel meg iallfall at det kan vere lurt.
- Har du noen konsertplaner fremover?
- Akkurat nå er det stille på den fronten, men eg håper at eg både kan få spelt både med band og meir aleine det komande året!












