Foto: Francisco Munoz


Born Demon

Med Born Demon er Sahg komande fredag ute med si sjette plate. Det har vorte ei plate som går litt tilbake til røtene til både metalsjangeren, og bandets utgangspunkt. Men vegen dit var ikkje satt, seier frontmann, og einaste gjenverande originalmedlem, Olav Iversen.

- Etter den siste plata (Memento Mori) hadde vi eigentlig ein veldig god turne der vi spelte oppvarming for Opeth i Europa. Vi håpte og trudde at det skulle opne seg fleire muligheiter for bandet etter den turneen. Og vi spelte nokre festivalar, men det vart likevel litt lunkent, og litt mindre enn vi hadde håpa på. Og når gitarist Ole Walaunet bestemte seg å satse fullt på sitt andre band, Gaahs Wyrd, tok vi rett og slett en liten pause.

Pausen vart ikkje på meir enn eit halvt år, før den gjenverande trioen møttes igjen. Planen var aldri å bli verande som ein trio, men det oppstod ein ny dynamikk som følgje av dette, seier Iversen.

- Etter at vi øvde litt som ein trio, fann vi ganske fort ut at der var ein slags ny dynamikk i bandet. Låtideane vart noko heilt anna med berre ein gitar, og alle steppa opp på kvar sin front. Slik vart det ein ny giv, og alle fekk ny inspirasjon. Personleg har eg blitt ein betre gitarist, sidan eg har måtte lære meg mykje meir solo-gitar, noko som berre har vore kjekt og inspirerande.

Sahg er også eit band som har brukt det religiøse i sin musikk, og dette gjelder absolutt for denne plata også. Olav seier at temaet er religionsfriheit, men også at vi alle har litt ondskap i oss.

- Grunntanken for tekstene denne gongen var religionsfriheit, at alle skal få tru på det dei vil. Man skal ikkje bli fortalt kva ein skal tru på, det skal vi få finne ut sjølve. Men det store temaet vart likevel at menneskeheita har ein ondskap ved seg , og vi alle nokre demonar inni oss. Kor det kjem frå forblir ubesvart, men djevelen er jo eit symbol på dette.



Tilbake til røtene
Og slik vart det til at Sahg vart ein power-trio. Bandet omfavna som sagt dette, og henta inspirasjon frå klassiske power-trioar som Motorhead og Rush. Dette førte også med seg at stilen på plata vart litt enklare enn det dei to førre platene har vore, utan at det var noko negativt ved det.

- Vi fann fort ut at vi ville gjere det litt enklare denne gongen. Vi gjekk litt vekk frå det progressive elementet som vi har vore innom, til å spele litt meir klassisk heavy. Litt fordi vi no er ein trio, men også fordi vi vart inspirert av nettopp den endringa, slik at vi ville lage ei plate som var litt meir tilbake til det vi hadde før, på dei tidlegare platene.

Og lyden er også ganske rå og direkte no? Men det har den kanskje alltid vore?

- Ja, og det har vore bevisst, at vi vil ha ein lyd som er så lite produsert som mogeleg. Denne gongen bestemte vi oss for å produsere plata sjølv også, mykje på grunn av at vi hadde klart føre oss korleis vi ville at det skulle høyrest ut. Det syns eg vi fekk til, og eg må rette en stor takk til miksen som vart gjort av Russ Russel, som har gjort mykje tyngre metal tidlegare. Han forstod nesten med ein gong kor vi ville hen med lyden, og sa nesten ting eg hadde tenkt å seie, før eg fekk sagt det.

Framelis Sahg-lyd
Men til trass for at bandet er innom ulike stilar, er det framleis lett å høyre at det er Sahg. Er dette bevisst eller berre skjer det?

- Det skjer nok av seg sjølv. Sjølv om eg er den einaste originalmedlemmen, men Tony (Vetaas, bassist) har vore med såpass lenge at det blir slik av seg sjølv. Mats på trommer har også tilpassa seg den stilen veldig bra. Så måten å tenke låtar på, og inspirasjonskildene, gjer nok at det låter som Sahg nesten uansett.

Olav seier også at dei ville tilbake til Sahg I, og den litt enklare og klassiske heavy metal-stilen. Men dei vil samtidig ikkje bli eit retro-band.

- Det er viktig for oss å høyrest moderne ut. Det er jo mange band som går bevisst etter den gamle lyden, men vi vil ikkje gå dit. Men du har jo band som Mastodon, som gjer det litt sann som vi tenker. Dei er heilt tydeleg inspirert av gammal heavy, men det låter moderne.

Heksedans
Og for første gong på plate, har også Sahg spelt inn ei coverlåt. Som første singel frå plata kom Jan Eggums Heksedans ut i slutten av april. Og skal vi tru Olav.

- Det var eigentleg litt tilfeldig, for det viste seg at vi hadde litt ekstra tid til overs i studioet vi hadde leigd. Og vi hadde ingen egne låtar igjen, så då tenkte vi at vi måtte finne ei coverlåt. Det er jo noko vi har snakka om tidlegare, men som vi ikkje har hatt tid til før.

Olav fortel at han er svak for coverlåtar som skil seg ut, og band som gjer låta til noko eige. Det ville Sahg også gjere, og starta leitinga etter den rette låta.

- Vi kom på at vi hadde lyst til å ta noko norskt, og vise at det også er ein del av identiteten vår. Så då byrja vi å sjå på norske artistar, helst på norsk, og vi var innom ganske mykje før vi landa på Heksedans. Alt frå pop, jazz og hip-hop, for vi ville finne ei låt som var noko heilt anna enn Sahg. Og så kom vi til Heksedans, som er ei låt som liksom alltid har vore der, men som eg no høyrte med nye øyrer. Og då tenkte eg, det riffet der er jo eit Sahg-riff!



Og slik vart det. Låta satt etter to timar med øving, og vart spelt inn neste dag. Men at det skulle bli ein singel, var ikkje gitt.

- Det var jo plateselskapet som kom med den ideen, seier Olav. Og etter litt modning så var vi med på det. Det passa eigentleg, sidan det vart litt sann, hæ? Jan Eggum? Og då tenkte kanskje ein del at vi ikkje hadde nokon gode originallåtar, sidan første singelen var en cover. Men det visste vi at vi hadde, og då var det kult og gjere noko litt anna, og gi ut ei kjent norsk låt, med ein kjent artist, som vi syns vi fekk bra til.

Og fredag kjem heile plata, med Heksedans, ut, og vil du sjå Sahg live, skal dei spele i Bergen, Ålesund, Trondheim og Oslo i vinter.