Sahg
Born Demon
Etter 6 år er Sahg endeleg tilbake med ny musikk. Born Demon innfrir, og gir oss direkte heavy metal, med innslag av både doom, speed og black metal.
Historia til Sahg går heilt tilbake til 2004, og i 2006 kom første plate, Sahg I. Sidan den gong har dei heldt seg innanfor metalsjangeren, men variert mellom både seige doom-riff, raske speed metal-låtar, og progressive konseptalbum.
No er dei ute med sitt sjette album, Born Demon, og samtidig vorte ein power-trio. Dette har resultert i eit litt nytt lydbilde, som kjem tydeleg fram på plata. Andresingelen House of Worship illustrerer dette godt, med ei drivande trommerytme som legg grunnlaget for heile låta. Og det har resultert i eit meir direkte album, som på mange måtar viser alt det Sahg har stått for sidan starten.
Her får vi også den raske og konsise åpningslåta Fall into The Fire, den seige og onde Born Demon og mektige Destroyer of The Earth. I tillegg får ein også den progressive black metal-flørten Black Cross on The Moon og den blytunge Descendants of The Devil. Sistnevnte har kanskje årets beste metalriff, som dreg deg inn, og knuser det meste anna som har kome ut i år av tunge og siege riff!
Og resten av plata er i same gata. Rekka med Descendants of The Devil, Black Cross on The Moon, Evil Immortal og Salvation Damnation er perfekt satt saman, og følger kvarandre på ein utruleg kul måte. På toppen av det heile får ein Jan Eggum-låta Heksedans, som berre stadfestar at Sahg er eit meir sjølvsikkert og laussleppt band som trio.
Som nemnt er det hakket meir direkte enn det bandet har levert tidlegare, men likevel tungt, melodiøst og til tider seigt. Likevel umiskjenneleg Sahg. Dette gjer at Born Demon kanskje er den mest komplette plata til bandet så langt i karriæra, og det vert spennande å følgje bandet vidare etter denne sterke plata!

FLERE ANMELDELSER
House of Protection - Outrun You All
En deilig porsjon hardcore, elektronika og rock - men det mangler det ekstra krydderet >>
Sleep Token - Even In Arcadia
Sjangercocktailen Sleep Token avslører noe av ansiktet bak maska etter kjempesuksessen «Take Me Back To Eden» >>
Once Awake - Far Out And Beyond
Det hardtarbeidande metalcorebandet Once Awake er ute med album nummer fem >>