Somme gongar treng ein ikkje å gjere musikk, og i dette tilfellet, hardrock, meir komplisert enn nødvendig. Og nettopp dette er ein av styrkane til Malabari. Dei har eit veldig tydeleg og lett gjenkjenneleg lydbilete, som gjer at det fengjer nesten umiddelbart!

...And Into The Abyss fortsett der den forrige plata Down The Maelstrom slutta. Men sjølv om der er eit overhengande konsept, er ikkje dette avgjerande for korleis ein lyttar til plata. Bandet sjølve seier at konseptet først og fremst går på det visuelle, og ikkje så mykje på det musikalske.



Men, det startar i alle fall med eit smell, og etter ein kort intro, kjem tittellåta Abyss, som verkeleg sett standarden for plata. Heile første del av plata, fram til spor 5, heng saman på ein veldig tilfredstillande måte. Dei tre første songane har alle solide riff, gode melodiar, og svært fengjande refreng! Kronjuvelen her er førstesingelen Make Way for The King, som i mine øyrer ikkje står tilbake for det beste innen denne sjangeren, og på perfekt vis demonstrerar kva dette bandet står for. Her er det store riff, eit oppbyggande vers, som kulminerar i eit av dei beste refrenga eg har høyrt på ei stund! Det er tydelege metalcore-inspirasjonar her også, som bidreg med tyngde og groove! Og for å runde av side A, får vi ei nydeleg ballade i One Last Song, som samtidig gir eit finfint avbrekk i plata.

Og etter ballada vert tempoet trekt opp igjen med Shattered & Spinning. Hypnagogia bidreg med eit litt element med eit skingrande introriff, men som glir over i tunge riff, både før vers og i refreng. Men også her klarer dei å inkorporere melodien og metalcore-elementa på nydeleg vis. Og kombinasjonen av clean, scream og core-rap/snakk gir nok ein dimensjon til musikken. Så det er enkelt å like, men på ingen måte utan djupne! Og det står verkeleg respekt av å lage lettfatteleg musikk, som ikkje vert for kjedeleg i lengda!



Men her ligg også kanskje ein av dei få svakheitene i denne musikken, for etter eit heilt album kan det også verte for mykje av det gode, og det er fort gjort å verte litt metta. Men dette er for flisespikking å rekne i det store bildet. For med avsluttinga Forgive Me vert plata avrunda på nydeleg vis! I mine øyrer minner det om andre band, til dømes Volbeat, som også klarer kunststykket å lage lettfatteleg og komersiell musikk. Men Malabari er betrakteleg tyngre og betre, så om du også av og til berre treng noko enkel, men godt produsert metal, så bør du også sjekke ut Malabari. Eg trur ikkje du vil angre!