Once Awake
Bridgeburner
Meir metal core frå bergensbandet Once Awake
Det har no gått tre og eit halvt år frå Once Awake ga ut sitt fyrste album, Ever so Cold. På Bridgeburner leverer dei framleis tung metal core av relativt høg kvalitet. Samtidig har dei utvikla seg sidan debuten, og dei har kanskje ei meir moden tilnærming til musikken i dag. Det virker som dei er stadig tryggare på seg sjølve og treng ikkje bevise for nokon at dei veit kva dei driv med.
Dei to fyrste spora på albumet, Trespasser og tittelkuttet Bridgeburner er heilt knall! Her viser dei tydeleg at dette kan dei, og dei fyll på med feite riff, tøffe synkoperingar og sterk growling frå vokalist Frode Hennø. Og som alltid meget kompetent tromming frå Ørjan Paulsen. Desse to spora er hissige og akkurat so intense slik musikk skal vere. Dette lovar godt for Bridgeburner.
Diverre klarer ikkje bergensarane å halde det same nivået gjennom resten av den gode halvtimen som står att. Resten av songane manglar det friske og nesten originale opnngsspora har. Eg vil ikkje seie at resten av låtane er kjedeleg, men det blir ein aldri so liten nedtur. Skulle dei kanskje endra på rekkefølge på låtane? Det er sjølvsagt utfordrande å lage musikk i denne sjangeren sidan det er so enormt mange som leflar i akkurat denne musikalske sjangeren. Faren for å høyrest som dei andre er stor, og diverre landar Once Awake fort inn der på dei siste låtene. Det er synd, for det er ikkje nokon tvil om at dei kan traktere instrumenta sine, og produksjonen står ikkje tilbake for so mykje anna.
Når det er sagt; Bridgeburner er eit album som ligg relativt høgt oppe i sjangeren. Hadde dei berre klart å halde på det unike dei fekk til i dei to fyrste spora, hadde nok dette endt betre. Likevel er albumet energifylt og pakka med feite riff, og dei to favorittane mine frå starten gjer det heilt klart verdt å sjekke ut resten.

FLERE ANMELDELSER
Yndling - As Fast as I Can og It's Almost Like You're Here
Noen har hvisket Yndling noe i øret om produsering >>
Sharon Van Etten - Sharon Van Etten And The Attachment Theory
Suksessfull kollaborasjon i splittelsens tid >>
Avantasia - Here Be Dragons
I over 20 år har Tobias Sammet invitert ulike artistar til sitt Avantasia-prosjekt. Denne gongen går han tilbake til røtene. >>
Levi Henriksen & Babylon Badlands - Aldri var november så lys
Tidenes første livealbum fra Kongsvinger >>
Ulver - Liminal Animals
Ulver leverer framleis musikk på sin måte og med høg kvalitet på Liminal Animals >>