Kefeider er for underteikna, og for dei fleste andre, eit ukjent namn innan norsk musikk. Men med EP-en ”Since you Asked”, blir han fort eit bedre kjent namn, for dette er countrypop av ypperste kvalitet!
Og når man ser bak artistnamnet, finn ein Vetle Løvgaard, som har fått med seg ein del betre kjende musikarar på denne debuten. Øyvind Blomstrøm (Odd Nordstoga, Monica Heldal, El Cuero) på gitar, Thomas Gallatin (Daniel Kvammen) på trommer, og Thor Egil Kreken (Darling West) på trommer. Og umiddelbart vert det også tydelig at dette ikkje er nokon nybegynnerar innan musikk. Førstelåta ”Raven for a Dove” sitter som ei kule frå føste lytt, og sett tonen veldig fint for EP-en.



Låt nummer to, Since you asked, er umiddelbart litt kjedelig, men kjem seg veldig etter nokon lytt, og gir egentlig en fin dynamikk. Weigtless føyer seg også fint og dynamisk inn, med litt meir tempo, og med et nydelig gitarriff i refrenget. Double Talk er roligare igjen, og kanskje den svakaste på EP-en, men er likevel stemningsfull og har eit like fint lydbilde og produksjon som dei andre låtene.
Avslutninga med Two Heads up in the Clouds er ein uhemma Bon Iver-pastisj, men fungerar veldig bra, nettopp fordi det i mine øyrer like gjerne kunne vore ei låt Bon Iver hadde laga.

Totalt sett er Since You Asked ei positiv overrasking, og eg gler meg til å følge Kefeider si karriere vidare!