
Opeth
In Cauda Venenum
Opeth tar nye musikalske steg med si 13. plate, og imponerer tidvis stort med In Cauda Venenum.
Slik er det også underteikna oppfattar albumet, heilt umiddelbart. Det er fengjande nesten umiddelbart, og veks ikkje så mykje på meg. Det er veldig uvanlig for progrock. Visst er det lange, intrikate låter her, men totalintrykket er likevel at det er enklare enn vanlig å kome under huda på verket. Det skal også seiast at underteikna har hørt på den engelske versjonen, i all hovudsak.
Og først og fremst er det føste del av plata, i alle fall dei fem første låtene, som er sterkast. Det byrjar med ”Livets Trädgård/Garden of Earthly Delights”, ein intro som minner mest om introen til ein 80-talsfilm eller Stranger Things. Etter nokre minutt går denne over i ”Svekets Prins/Dignity”, som er såpass tung at den gir vibbar til ”gamle” dødsmetal-Opeth. Fantastisk musikalsk handtverk! Og mot slutten av låta kjem det nokre stemmer, som også er med på andre låter, som skyt oss inn i ”Hjärtet vet vad handen gör/Heart in hand”. Fantastisk overgang! Også her er det knalltungt, men likevel meir Sabbath enn dødsmetal. Men etter 6 minutt med tung riffing, kjem det ein rolig slutt, med klassisk gitar. Flott musikk! ”De närmast sørjande/Next of kin” følger etter dette, og dette er ei ganske kompleks låt som tenderer til å vere kjedelig, men så kjem det nokre flotte overgangar og ein nydelig melodi, som skaper eit flott 7 minutters epos.
Etter dette er vi komne til det som må vere årets progrockballade. Kanskje årets ballade også, i alle fall hjå meg! For ”Minnets yta/Lovelorn crime” er eit mesterverk av ein song, som både står godt på eigahand, og avslutter en fantastisk første del av denne plata. Etter en piano intro med ein enormt følsom og luftig vokal, kjem det eit fantastisk kraftfullt refreng. Og når du ikkje trudde det kunne bli finare, så bygg det seg opp etter andre refreng, og kulminerer i ein heilt episk gitarsolo som berre varer og varer. Herregud så bra!
Resten av plata har fleire topplåter, som ”Charlatan”, ”Banemannen/The Garroter”, og ”Allting tar slutt/All Things Will Pass”, men blir likevel for kompleks, vis det er lov å seie om prog, og til tider litt kjedelig. Likevel leverer Opeth ei veldig god plate, som markerer eit nytt kapittel i bandets musikalske historie. Så gjenstår det å sjå om også neste plate er både på svensk og engelsk.
FLERE ANMELDELSER
OMD - Bauhaus Staircase
OMD gjør som de har lyst og markerer sitt 45-årsjubileum på ypperste måte. >>
Steven Wilson - The Harmony Codex
Visjonæren innenfor progrock bryter alle regler og leverer et post-pandemisk mesterverk. >>
Adama Janlo - Misaligned
Brilliant og enestående begynnelse. En stemme det er vanskelig å glemme. >>
Kardang - Rizky Biznizz
Sørlandsbandet Kardang er ute med sin andre fullengder, og den gir deg rein, hard og pur rock ‘n roll. >>
Rival Sons - Lightbringer
Rival Sons gir ut sitt andre album for året, og Lightbringer står ikkje tilbake for det første. >>
Spurv - Brefjære
Spurv er tilbake med eit nytt og ambisiøst album, som imponerar med store orkester og tunge gitarar i skjønn harmoni. >>
Trevor Rabin - Rio
Forrige vokale soloalbum kom i 1989. 34 år, 50 soundtracks og 200 konserter senere knaller Trevor Rabin til! >>
Pseudo Fruit - Heavy Nydelig
En norsk trio med full klaff og tre rette: ferdigheter, referanser og kreativitet. >>