Berre litt over eit halvt år har gått sidan bandet Skovveien slapp sin første EP, Et Guttehjem. Underteikna likte den godt, og allereie no er andre EP, En Guttegjeng, klar. Det har vorte ei meir gjennomført affære, og det er veldig kjekt å høyre utviklinga i dette relativt ferske bandet!

Det startar seigt og litt mørkt med Dødsengel, og allereie her høyrer ein at lyden og produksjonen er eit hakk opp frå forrige gong. Og det fortsetter fint med den meir up-tempo Få Deg Til. Veldig fin progresjon i oppbygginga av EP-en her, det er alltid kjekt å høyre at rekkefølga av låtene passar saman! På 3.spor, Anger, viser Skovveien igjen nye takter med tekst og melodi. Låta bygger seg fint opp med første vers, før det kjem eit instrumentalparti, før neste vers bygger opp mot refrenget. Ei flott låt som berre flyter av gårde, og som eg tippar blir eit høgdepunkt live.

Men det store høgdepunktet for denne EP-en er nok likevel singelen Kvartlivskrise. Denne har gått meg hus forbi, då den kom ut allereie i april, men for ei låt! Melodiriffet, teksta, soloen og rytma sitt som eit skudd her! Nydelig handtverk frå gjengen. Og så blir det heile runda av en singel til, Stol På At Jeg Svikter Deg. Perfekt avrunding på EP-en! Her er utvilsomt en ny partyhit, og også ei låt som kjem til å ta av live.



En Guttegjeng leverer akkurat det man kunne håpe på frå Skovveien. En trivelig, litt mørk, og gjennomført god EP. Den mørkheita er også truverdig, og ikkje berre noko som blir sunge om. Ein trur på at det er både kvartlivskrise og ville festar, sjøl om det sikkert også blir smurt litt tjukt på til tider.

Men det gjer ikkje noko. Med En Guttegjeng viser dei det uforløyste potensiale som låg i debuten, og det skal bli enda meir spennande å følgje med på dette bandet i tida som kjem. Det neste må vel vere debutplata? Bring it!