Vredehammer
Viperous
Rifftungt og aggressivt frå Vredehammer
Likar du aggressiv og mørk metall stappa med blasbeats og tung riffing, er Viperous midt i blinken. Dette er eit album som er so fylt av knallsterk svartmetall og høgt tempo at det kan ta pusten frå den best trente. Dette er eit ekspresstog som startar for full pupp og berre aukar på. Iallfall nesten ...
Det er eit veldig stort MEN her! Det var nummeret før eg slo av og ga opp heile albumet berre etter dei fyrste ti sekunda. Winds of Dysphoria, opningslåta på Viperous, startar med synth! SYNTH!?! Eg hadde dobbelklikka på låta, og lent meg tilbake, men måtte tilbake for å sjekke om det var noko som var feil. Det var diverre ikkje feil. Ballet opnar med 37 sekund rein synth. Heldigvis klarer Per Valla og co og hente seg kraftig inn. Det går fort over i sinne og brutal riffing. Likevel går synthen att gjennom heile albumet, og det trekk diverre ned for underteikna.
Sann, no har eg fått ut agget eg har mot albumet. Det er synd, for Viperous er utover dette eit strålande stykke musikk. Blastbeats, røffe riff, snerrevokal, eit forrykande tempo og heftig produksjon. Musikalsk er nok albumet det næraste den klassiske norske svartmetallen Vredehammer har gjort so longt. Det kan til dømes minne om Kampfar. På same tid er den so proppfull av brutaliteten og fraseringa frå dødsmetallen at det nesten blir eit heilt nytt lydbilete.
Eg må ta av meg hatten for riffinga på Viperous. Absolutt alle låtane har riff dei aller fleste ville fått tårer i augene av å ha skrive. Makan til låtsnekrer skal ein faktisk leite ei stund etter. I ei slik overflod av gode låter skulle ein kanskje tru at det ville vanskeleg å finne ein favorittlåt, men på dette albumet, var det kjapt eit spor som virkelig skilte seg ut. Aggressor er so imponerande kul at eg får gåsehud berre å tenke på den. Her har Valle fått til alt! Buldrande trommer, iskald vokal og eit refreng som set seg. Men riffinga! Fytti grisen; RIFFINGA!!! Dette er so inn i gamperæva heftig at eg ikkje veit heilt kva eg skal skrive. Dette må ein berre høyre sjølv. Denne låta er eit meisterverk og ein soleklar 10/10!
Albumet veks seg større og større for kvar gjennomkøyring, men eg klarer ikkje bli heilt komfortabel med synthen. Diverre. For eg likar Viperous so godt og eg kjem til å høyre ein del på dette framover.

FLERE ANMELDELSER
Kevin Morby - More Photographs (A Continuum)
Mye mer enn en kompanjong til fjorårets sterke album. >>
Harald Otterstad og Tor Andersen - Aunt Mary - Never Stop Your Wishful Thinking
Forbilledlig biografi om et av Norges beste 70-tallsband >>
Perry Dear and the Deerstalkers - Oh Dear! Perry Dear and the Deerstalkers in London
Bra 60-tallsretro fra norsk band >>
Honey Dijon - Black Girl Magic
Klassisk housemusik med attityd, och som får folk att stampa fötter. >>
El Caco - Uncelebration
Etter ein solid pause er El Caco igjen ute med ny musikk. Det har blitt litt nytt, men umiskjennelig likevel. >>
The Tallest Man on Earth - Henry St.
Svenske Kristian Matsson, bedre kjent under artistnavnet The Tallest Man on Earth, har gått fra soloprosjekter til å spille inn sitt nyeste album med et komplett band. >>
Metallica - 72 Season
Du veit kva du får, men legendene i Metallica imponerar likevel med 72 Seasons >>