Skovveien
Skovveien
Feiande fin poprock frå Skovveien, som tek nye steg med debutplata.
Etter to fine EP-ar er no det relativt ferske bandet Skovveien klare med sitt sjølvtitulerte debutalbum. Tidlegare har bandet vist fine og lovande takter, og tek nok eit fint steg i utviklinga si med denne plata. Det heile låter enda meir proft og heilstøpt ut, og fleire av låtene er veldig gode!
Det heile startar med ei klassisk åpningslåt, Du Sa, som bråkar meir enn det meste anna dei har laga tidlegare. Denne setter fint tonen, og vekker deg godt opp med sin dramatiske riffing mot slutten av låta. Den vert følgt opp av den litt roligare Farlig. Og førstesingelen, Før du Kommer, fullfører en veldig fin starttrio på plata! Her har Skovveien verkeleg laga ei låt som kan bli ein vårhit, med noko som høyrest ut som Trygve Skaug møter De Lillos og Oslo Ess.
Det neste trekløveret med I Vinden, Lørdag og Hundre og Helvete fungerer alle veldig greit, uten å vere like fine som Før Du Kommer. Saksofonen til det nye medlemmet Erik Falskow gir også ein ekstra dimensjon på mange av låtene, spesielt på Farlig fungerer det veldig fint.
Mot slutten av plata svinner kanskje albumfølelsen litt, og låtane heng ikkje like fint sammen som i starten. Men bandet har sjølv uttalt at dei prøvde å lage låter med stor variasjon, og her gir akkurat det kanskje litt utslag. Likevel dreg det seg fint opp til slutt, og på nest siste spor, Vinter til Vår, dreg bandet til med nok ei finfin vårlåt. Den glir fint saman med avsluttninga, Skov II, og gir ei fin avrunding av plata. Denne låta avrundar også dei tre første utgivelsane til bandet, som starta med sporet Skov. Begge låtene er like, og brukar same tema, nemleg mottoet”Bli med Skov på tur!”.
Summa summarum er denne debuten noko bandet virkelig kan bygge på, og spesielt førstesingelen Før Du Kommer er ei låt som vil stå seg godt, og som kan bli ei av signaturlåtene til bandet. Så for vi berre håpe at bandet er like produktive som dei har vore det forrige året, og at dei snart kjem med enda meir ny musikk!
Tredje singel, Lørdag, kan du høyre her. Frå før av er Før Du Kommer og Farlig også slepte som singlar.

FLERE ANMELDELSER
Clap Your Hands Say Yeah - New Fragility
Alec Ounsworth blir mer politisk, og utvider sitt musikalske lydbilde. >>
Annette Gil - Teenage Rage
Glem Lady Gaga! Hils på Lady Gugu og alle de andre damene i Annette Gils univers! >>
Death By Unga Bunga - Heavy Male Insecurity
Ingenting er usikkert når det kommer til denne gjengen >>
Wig Wam - Never Say Die
Velkommen tilbake Wig Wam, vi visste det kanskje ikkje sjølve, men gud kor vi har savna dykk! >>
Omtale: Metallica - Metallica
I år er det 30 år siden Metallica slapp sitt selvtitulerte album, bedre kjent som The Black Album, og ble et av verdens største band >>
Steven Wilson - THE FUTURE BITES
Prog-veteran og 5.1 remikser extraordinaire gjør det ikke lett for seg selv. >>