
Green Carnation
Leaves of Yesteryear
Green Carnation vender tilbake til røtene sine på Leaves of Yesteryear.
Umiddelbart kjenner eg at dette kan eg like. Det har ein aura av metal av den gamle skulen over seg. Eg blir leia til litt ulike band og album som referansar. Music from the Elder av Kiss dukka ganske fort opp. Elles har det parti som kan minne om Tool, litt Leprosy innimellom. Og ikkje minst har det eit snev av det gamle Green Carnation eg likte so godt. Det er mørkt og stemningsfullt, med ein akkurat passe stor porsjon svulstighet. Produksjonen er god og eg likar veldig godt lyden av albumet. Spesielt synes eg gitarane har fått ein meget god plass der dei høyrest godt, utan å ta for mykje av resten av plassen. Og ikkje minst har tangentane kome veldig heldig ut av det. Eg er ikkje den aller største tilhengaren av tangentar i metal, men i dette høvet fungerer det veldig bra.
Leaves of Yesteryear klarer å skape gode atmosfærer og mykje musikalitet, og samtidig med eit mørke over det heile som er strålande. Der dei tidlegare kanskje brukte vel mykje pedalar og distortion på riffa, er det heile minst like mørkt utan dei same effektane. I tillegg klarer dei å skape eit reinare uttrykk ved eminent tangentarbeid av Kenneth Silden, mørk vokal og rytmer som bølgjer godt fram og tilbake. Og måten dei klarer å kombinere fjørlett synth med feite gitarriff, er til å bli glad av. På opningslåta Leaves of Yesteryear kjem i tillegg vokalen til Kjetil Nordhus til sin rett. Stemma hans famnar over både sinne og ro på ein meisterleg måte.
Leaves of Yesteryear tek opp i seg atmosfæra frå tidlegare album, og spesielt Light of Day, Day of Darkness, men let likevel musikken få utvikle seg vidare derfrå. Det er nyinnspelinga av My Dark Reflections of Life and Death frå debutalbumet deira kanskje det beste dømet på. Elles avsluttar dei med ein cover av Black Sabbath sin Solitude. Uheldigvis for Green Carnation har Ulver gjort ein versjon av same låt på Shadows of the Sun. Den er hakket kvassare, og dei har i tillegg ein vokalist med ei heilt anna stemmeprakt, og Nordhus når diverre ikkje heilt opp her.
Albumet er meget godt, og eit av det mørkaste Green Carnation har gjett ut so langt. Leaves of Yesteryear fortenar mange gjennomlyttingar. Det har so mange ulike nyansar og parti som veks på meg kvar gong eg køyrer gjennom det. Og det blir berre betre og betre. Når det er sagt, har det samtidig noko som umiddelbart fenger. Dette er eit album eg kjem til å kose meg med vidare i år!
FLERE ANMELDELSER
OMD - Bauhaus Staircase
OMD gjør som de har lyst og markerer sitt 45-årsjubileum på ypperste måte. >>
Steven Wilson - The Harmony Codex
Visjonæren innenfor progrock bryter alle regler og leverer et post-pandemisk mesterverk. >>
Adama Janlo - Misaligned
Brilliant og enestående begynnelse. En stemme det er vanskelig å glemme. >>
Kardang - Rizky Biznizz
Sørlandsbandet Kardang er ute med sin andre fullengder, og den gir deg rein, hard og pur rock ‘n roll. >>
Rival Sons - Lightbringer
Rival Sons gir ut sitt andre album for året, og Lightbringer står ikkje tilbake for det første. >>
Spurv - Brefjære
Spurv er tilbake med eit nytt og ambisiøst album, som imponerar med store orkester og tunge gitarar i skjønn harmoni. >>
Trevor Rabin - Rio
Forrige vokale soloalbum kom i 1989. 34 år, 50 soundtracks og 200 konserter senere knaller Trevor Rabin til! >>
Pseudo Fruit - Heavy Nydelig
En norsk trio med full klaff og tre rette: ferdigheter, referanser og kreativitet. >>