
Hymn
Breach Us
Intenst og hissig andrealbum frå Hymn
Rokseth og Støle hadde som mål å spele inn Breach Us mest mogleg som dei opptrer; ansikt til ansikt med Marshall JCM 800 og Simms Watts 120 i stereo og eit Ampeg 810 kabinett på full gass. Dette toppar bandet med Gibson Les Paul med 74 gauge strenger og nokre festlige effektpedaler. Kva betyr det, spør du? Det betyr masse lyd, masse punch og full pupp! Albumet syder av energi, og heile sulamitten var ferdig innspelt på 48 timar. Intenst i alle ledd!
Det har gått over tre år sidan Hymn kom med debutalbumet Perish. Dei har brukt tida gått. Både med å skaffe Spellemanns-nominasjon som to tredelar av SÂVER, deltaking i andre prosjekt, og ikkje minst å reindyrke energien og lyden til Hymn. Det er eit meir fokusert og disiplinert album denne gongen. Utan at det har gått utover det musikalske eller intensiteten. Det ligg like mykje kraft bak kvart trommeslag frå Støle og vokalen til Rokseth er minst like sint og hissig som før. Det er ikkje alle «sinnavokalistar» som klarer å skrike med like stor truverdighet, og det kan ofte bli meir kleint enn noko anna. Men Rokseth drar den i land, og vel so det.
Med Breach Us har Hymn nok ein gong bevist at dette er noko dei kan. Dei enkle, men dog so kraftfulle låtane er umiddelbare og set godt allereie frå fyrste spinn. Riffinga er som alltid upåklageleg og eg vil spesielt trekke fram spor to, Exit Through Fire, og spesifikt etter gode 5 og eit halvt minutt. Piggtrå av høg kvalitet! Produksjonen er som sist styrt av Kim Lillestøl, og den er meget god. Den er med på å skape luft og rom, samtidig som det er tight og tettpakka.
Nokon vil kanskje meine at det kan bli litt repetitivt og monotont, og det har dei i og for seg heilt rett i. No er det no likevel slik at det skal det vere. Det ligg i naturen til sjangeren. Repetisjon og hypnotisk. Det er liksom ein del av pakka. Om dette ikkje er noko for deg, kan du legge vekk både Breach Us og elles heile doom/sludgepakka. Om du derimot rører deg i den verda, er dette eit album du bør sjekke ut. Eg meiner faktisk dette er musikk av høg internasjonal klasse, og håpar albumet får den merksemda den fortener utanfor grensene våre!
Breach Us er ute 28. august.
FLERE ANMELDELSER
OMD - Bauhaus Staircase
OMD gjør som de har lyst og markerer sitt 45-årsjubileum på ypperste måte. >>
Steven Wilson - The Harmony Codex
Visjonæren innenfor progrock bryter alle regler og leverer et post-pandemisk mesterverk. >>
Adama Janlo - Misaligned
Brilliant og enestående begynnelse. En stemme det er vanskelig å glemme. >>
Kardang - Rizky Biznizz
Sørlandsbandet Kardang er ute med sin andre fullengder, og den gir deg rein, hard og pur rock ‘n roll. >>
Rival Sons - Lightbringer
Rival Sons gir ut sitt andre album for året, og Lightbringer står ikkje tilbake for det første. >>
Spurv - Brefjære
Spurv er tilbake med eit nytt og ambisiøst album, som imponerar med store orkester og tunge gitarar i skjønn harmoni. >>
Trevor Rabin - Rio
Forrige vokale soloalbum kom i 1989. 34 år, 50 soundtracks og 200 konserter senere knaller Trevor Rabin til! >>
Pseudo Fruit - Heavy Nydelig
En norsk trio med full klaff og tre rette: ferdigheter, referanser og kreativitet. >>