Fight The Fight er i følgje Metal Hammer UK catchy, atmosfærisk punk rock, og har blitt samanlikna med band som Slipknot, Lamb of God og Devin Townsend. Sjølv samanliknar bandet Deliverance med Rammstein. Utan at eg heilt ser den.

Deliverance er eit album som er veldig variert i stil. Det er sjølvsagt eit album i den moderne delen av metalen, men det kan ikkje umiddelbart bli putta i den eine eller andre leiren. Som sist leverer bandet eit album som er godt produsert og miksen sit som den skal. Den intense spelegleda er der framleis og riffene er tunge, catchy og treff blink. Elles er det vel verdt å nemne trommis Bjørn Dugstad Rønnow. Han har ein metronomisk presisjon og bankar gjengen framover med energi og autoritet.

På debuten fekk dei kritikk for cleanvokalen og allsangfaktor. Den er heldigvis ikkje like til stades på Deliverance, men eg synes framleis dei kunne hatt mindre av det.

Dei to opningspora, Deliverance og Ritual lovar veldig godt. Dei er aggressive og intense. Det varma og eg var veldig positiv. Det ramla diverre litt på Rage against the Machine-kopien Triggerfinger. Denne er so lik RATM at det spørs om ikkje FTF lyt betale royalties ...

Eg likar Deliverance. Det er eit godt gjennomført og ærleg album. Bandet framstår som genuine og det er tydeleg at dei likar det dei driv med. Diverre klarer dei ikkje å ta det heilt opp. Musikkteknisk er det ikkje noko å utsette på gjennomføringa. Eg saknar dog litt meir nyvinning. Eg sit med ei kjensle at eg har høyrt dette før. Joda, det er som sagt godt musikalsk handtverk, men (og kanskje akkurat på grunn av det) dei har so mykje meir å gå på. Deliverance er eit sterkt album, og bandet leverer. Likevel har Fight The Fight eit potensiale dei enno ikkje har henta ut.