Det er rart korleis det eine fører til det andre, og ukjente og heilt uventa juvelar dukkar opp. For nokre år sidan kom eg over Chelsea Wolff, og las meg litt opp på henne. Då dukka eit anna namn opp, ein annan artist eg heller ikkje kjente til frå før; Pharmakon. Dette var støyrock som eg ikkje ante fantes og kunne skape so mykje stemning og tankar. Denne sjangeren er eit virr varr av band, artistar, uttrykk og støy. Og usedvanleg krevande, men gjevande. Når eg kjem over slikt, blir eg ofte fanga i eit kaninhol der det dukkar opp både gode og dårlege opplevingar. Det var på ei slik «reise» at eg kom over Anna von Hausswolff for fyrste gong. Det var Loosing my Slippers frå The Little Match Girl. Den hadde noko ved seg, og ved djupare dykk inn i katalogen hennar, fann eg ei verd av vakker og stemningsfull musikk.

Anna von Hausswolff er ein svensk musikar og komponist som er i stadig søken etter nye uttrykksmåtar og teknikkar på pipeorgel/kyrkjeorgel. Anna har reist verda rundt og underholdt med orgelmusikken sin. På All Thoughts Fly er ho heilt åleine og målar ut mektige lydlandskap sterkt inspirert av den italienske hagen Sacro Bosco. Sacro Bosco er ein hage midt i Italia frå 1580-talet som blei etablert for at Pier Francesco Orsini skulle takle den depressive sorga etter at kona hans døydde. Dette bær hagen preg av med sine mange groteske mytologiske skulpturar og overgrodde bygningar. Det er dette groteske uttrykket og den djupe sorga Anna von Hausswolff prøver å skildre gjennom låtane på All Thoughts Fly.

Dette er ikkje musikk for korkje nachspiel eller vorspiel. Dette er kanskje ei av dei mest utilgjengelege albumene til den svenske artisten. Eg meinar; 44 minutt med sorgtung og grotesk instrumental kyrkjeorgelmusikk? Kva gjer du meg? Men for den som tek seg tid til å verkeleg sette seg ned og lytte til albumet, er belønninga so utruleg stor. For dette er musikk ein skal Lytte til. Gje seg hen til. Ein lyt tillate seg sjølv å bli ført inn i denne vakre og groteske hagen gjennom musikken!

Det er faktisk heilt umogleg å skulle plukke fram enkeltspor som fortenar å bli nemnt. Stykkene går over i kvarandre og den eine avløyser den andre i perfekt symmetri. All Thoughts Fly bygger seg som og trekker seg tilbake, og bølgjer fram og tilbake mellom det sarte og ømme, og det brutale og atonale med parti som berre bygg opp under det vakre! Albumcoveret er eit bilete av Anna sjølv der ho står inne i munnen på ei av dei store monsterstatuene i hagen. Eg tek handa til Anna og let henne ta meg med på ei rundreise i denne praktfulle hagen og får ta del i den djupe sorga til Orsini.

Unn deg tre kvarter med All Thoughts Fly denne haustkvelden. Lås deg inne i mørkret og koble ut resten av verda. Koble deg til dine beste hovudtelefonar, og lukk augene. Nyt!