Etter å ha vore med på tre album, fire Spellemannsprisar og turnè verda rundt med Kvelertak, valde Erlend Hjelvik å forlate bandet i 2018. No, to år etter, er den tidlegare markante frontfiguren klar med sin eigen albumdebut. Hjelvik sjølv har skrive alle låtane og tekstane, og har med seg eit relativt imponerande lag. Med seg i bandet har han leadgitarist Rob Steinway (Skelator), bassist Alexis Lieu (ex-Benighted) og trommeslager Kevin Foley (ex-Abbath, ex-Benighted). Siste tilskudd i bandet er rytmegitarist Remi Andre Nygård (Inculter), som ikkje er med på albumet, men skal dere ein del av bandet framover.

Eg skal innrømme at eg var litt spent. Eg har ikkje vore so veldig fan av Kvelertak, utover at eg har tenkt at eg har likt stemma til Hjelvik, og har fundert på korleis han kunne fungert som svartmetallvokalist. Difor skapte det forventingar når det i promoskrivet til Welcome to Hel står: "expect the finest blackened Viking heavy metal in all the land!". Dette kan vere interessant.

Umiddelbart blir eg skuffa. Eg hadde kanskje stolt for mykje på promoteksten. Dette var ikkje den beste vikingmetallen i landet, men eg kunne ikkje la det bli med det. Alle fortenar ein sjanse til. Etter kvart som eg har lytta gjennom albumet, forstår eg at eg har tilnærma meg albumet feil. Det er ikkje black metal (og har ikkje prøvd å vere det heller), men blackened metal. Og det er faktisk ikkje det same. Med det på minne, fekk eg ei heilt anna oppleving.

Det er to ting eg likar godt. Stemma til Hjelvik og måten gitarane ligg og fyll ut musikkbiletet. Eit godt døme er låta Glory of Hell. Den har eit drivende godt riff som bankar låta framover, samtidig som det ligg leikande gitarer og fyller inn. Elles vil eg trekke fram låta 12th Spell. Dette er kanskje låta som har det svartaste uttrykket. Den minner faktisk veldig om albumet Viige Urh som norske Sarke i 2017. Produksjonen på låta minner veldig om tidleg svartmetall, og eg likar spesielt godt lyden på trommene.

Oppsummert vil eg seie at Welcome to Hel er eit godt album. Det er godt produsert og har mykje driv og energi. Dette er ein god debut frå HJELVIK, og det kan vere lov å håpe at han nesten gong dreg musikken vidare over i det svarte.