I løpet av dei siste ti åra har rock/post-metal-yndlingane Deafheaven frå San Francisco gjett ut ein diskografi som har utfordra både modus operandi og oppfatninga av sjangeren. Kvart nye album har hausta strålande kritikkar og hatt ein progressjon som viser deira spesielle syn på kva rock og metal kan vere. Denne utviklinga og stadige sjangerutviklinga toppa seg med deira hittil mest innovative album Ordinary Corrupt Human Love som kom i 2018. Eventyret begynte med ein firesangs demo gjett ut på Bandcamp i 2010 av grunnleggarane av bandet George Clarke og Kerry McCoy. Tidligare i år planla bandet ein verdsturné for å feire demoen og alt dei har gjett ut etterpå,. Men då COVID snudde opp ned på heile verda, måtte bandet skrinlegge denne plana. Bandet kunngjorde i staden at dei skulle gje ut eit album med live-versjonar av setlista dei hadde planlagt for turnéen. Med på albumet er sjølvsagt den aller fyrste låta dei nokon gong skreiv saman, Daedalus, i tillegg til drypp frå resten av katalogen.

George Clark seier sjølv at «Earlier this year we intended on celebrating the 10th anniversary of the Deafheaven demo released through Bandcamp on June 1, 2010 with a tour of North America with our friends Inter Arma, Greet Death and All Your Sisters. Unfortunately, we couldn’t fulfill that tour because of fallout from the Covid-19 pandemic. To rebound from the financial and morale hit, we put together an album of the set we intended to perform.»

Eg skal innrømme at eg aldri har fått heilt fot for Deafheaven. For meg har dei vore litt for hypa og har fått panegyriske anmeldingar utan at eg har heilt sett greia. Deafheaven blei litt for «stuereint» for min del; ein slags anmeldergodkjent hipstermetall som «alle» referte til som ein favoritt. Spesielt fekk Sunbather sopass mykje lovprising at eg måtte bruke litt tid på den for å finne ut om det var so bra som alle skulle ha det til. Utan at blei særleg mykje klokare. Det er eit greitt album, men at det skulle vere so fantastisk som alle sa, klarte eg ikkje å sjå. Difor har Deafheaven berre vore eit band eg har hatt eit halvt auge på sidan. Litt slik «meeeeh ...».

Men då eg fekk 10 years Gone tenkte eg at eg skulle gje dei ein ny sjanse. Det er eg glad for. For dette likte eg godt. Endeleg hadde dei klart å lage eit album der dei klarte å halde interessa oppe heile vegen. Det er intenst og mektig og har god balanse mellom låtane. Det var ikkje før eg gjekk tilbake til katalogen for å samanlikne at det gjekk opp for meg at dette er eit live-album! Her skein min heller manglande kunnskap om Deafheaven gjennom!

10 years Gone viser at Deafheaven er eit band som har mykje strålande musikk. Eg legg meg relativt flat og er den fyrste til å innrømme at eg nok ikkje har gjett Deafheaven den sjansen dei kanskje hadde fortent. Når det er sagt, vil eg samtidig forsvare meg litt. For når eg lytter til dei ulike tidlegare albuma, er eg tilbake til at det ikkje er heilt fabelaktig. Det blir litt for varierande og det er litt for langt mellom høgdepunkta. Men som liveband funkar dei veldig godt. Albumet viser at dei har nokre strålande låtar. Dette albumet er faktisk so godt gjennomført at eg ikkje heilt klarer å bestemme meg for kven av låtane eg likar best, men landar til slutt på at Daedalus og Baby Blue fortener litt ekstra merksemd.

Og at dei kan spele er det ikkje nokon tvil om. Det er ikkje berre fordi eg ikkje kjenner katalogen til bandet godt at eg ikkje forsto det var live. Bandet leverer med studiokvalitet heile vegen, og det er meget imponerande speling. Det likar eg! Fråværet av publikumssøty gjer det heller ikkje enklare å høyre at dette er tatt opp frå konsertar ...

Er du som meg og ikkje likar alt Deafheaven har gjett ut, er nok 10 years Gone godt nok. Dette albumet er faktisk so bra, at det hamnar på topp fem utenlandske album i 2020 for min del. Albumet er ute 4. desember. Sjekk det ut!